Endret: 01.09.2010 kl. 14:18
Statens vegvesen har halde informasjonsmøte med Ørsta kommune, Ulstein kommune, og Møre og Romsdal fylkeskommune, der sistnemnde ikkje møtte.
Sidan opninga av Eiksundsambandet i februar 2008 har ikkje dei nemnde kaiene vore i bruk. Det var meininga at dei skulle haldast oppe som beredskapskaier, men der har ikkje blitt gjort. Det er mellom anna fjerna delar av konstruksjonen og kaiene er ikkje vore vedlikehaldne.
På møtet tok ørstaordførar Gudny Fagerhol opp at ho vil ha hurtigbåt med tilstrekkeleg kapasitet og rutetider som alternativ, primært mellom Eiksund og Rjånes, om tunnelen av ulike grunnar skal bli stengt. Ho fekk støtte av teknisk sjef i Ulstein kommune, Elling Indresøvde, i at kaiene bør eksistere, men då ombygd for hurtigbåt.
Vegvesenet var opne for denne løysinga.
Konklusjonen på møtet var at vegvesenet avventar vidare handsaming i saka inntil ho er diskutert med Møre og Romsdal fylkeskommune. Kommunane Ørsta og Ulstein vil òg ta saka opp i Søre Sunnmøre Regionråd, då dette er eit sak som vedkjem fleire kommunar.
