Endret: 01.09.2010 kl. 16:20
Frå onsdag har Alliance apotek i Ulsteinvik vore stengt for anna enn reseptutlevering. Onsdag 9. september opnar dei som Boots apotek.
Anne Gry Eilertsen
anne.gryvikebladet.no
Ved apoteket i Kleven-bygget er det no hektisk aktivitet. Arbeidsfolk riv vegger, installerer og monterer nær sagt døgnet rundt. For overgangen frå Alliance til Boots skal bli godt synleg.
Alliance fusjonerte med Boots sommaren 2006, og det nye selskapet Alliance Boots er i ferd med å introdusere Boots apotek i Noreg. Boots apotek i Ulsteinvik blir det første på Søre Sunnmøre.
Apotekar Jørn Andre Hoel Brunvoll ved Boots Ulsteinvik fortel at omlegginga vil føre til fleire og meir synlege tenester enn tidlegare. Blant anna blir det frå 9. september tilbod om legemiddelsamtale, blodsukkermåling, individuell astma- og diabetesrettleiing og hjelp til røykeslutt.
Apoteket kan gi råd om protesar og støttehjelpemiddel.
Ved Boots apotek i Ulsteinvik blir det tre apotekteknikarar, to farmasøytar og ein sjukepleiar. Terje Grønmyr, som er sjukepleiar, skal inn i ei 60 prosent stilling med fokus på skipsmedisin.
Boots har meir enn 160 års røynsle frå apotekdrift og produktutvikling. Alliance Boots er med 3000 apotek den leiande apotekarkjeda i Europa. Selskapet har over 100.000 medarbeidarar i 15 land.
