Endret: 01.09.2010 kl. 19:57
Fellesmøtet blir denne gongen på Ulstein rådhus, kommunestyresalen.
Ei av sakene som skal drøftast gjeld altså kommunesamanslåing.
Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein har laga ei tilråding i fleire punkt, som også skal til kommunestyra.
I tilrådinga er han positiv til at kommunane bør få utgreidd ei mogleg kommunesamanslåing mellom Hareid og Ulstein. Han rår politikarane til å søkje Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) om stønad til arbeidet.
Mellombels koordinator
Dersom svaret frå KRD blir ja, bør det bli utført ein avgrensa anbodskonkurranse for val av fagmiljø for utgreiinga.
Vik Arset rår også til at det då blir engasjert ein mellombels koordinator for prosjektet. Til dette skal Hareid og Ulstein søkje skjønsmidlar hjå fylkesmannen.
Eigenfinansiering må kome inn på budsjettet for 2011. Vik Arset meiner fordelinga av eigenfinansieringa må skje etter folketalet ved siste årsskiftet.
Nei frå Herøy, Sande og Vanylven
I mars i år inviterte Hareid og Ulstein grannekommunane Herøy, Sande og Vanylven til å vere med på utgreiingsarbeidet. Men tilbakemeldinga var at desse kommunane ikkje var interesserte i samanslåing.
– Vi står då att med “5-minuttskommunane” Hareid og Ulstein, skriv rådmannen i Ulstein, som har forma ut ein søknad til KRD.
Dersom begge kommunestyra seier ja, er søknaden klar til sending.
I søknaden, som også er underteikna av rådmann Bent Arild Grytten i Hareid, blir det understreka at dei legg opp til ein viss intensitet i arbeidet. Dei håper derfor på eit positivt svar – og rask handsaming.
