Fredrik Steen til Brandalsdagane

I helga er det klart for Brandalsdagane. Blant aktivitetane du kan vere med på er fellesbading laurdag og søndag – og grilling ved Pakkhuset laurdag kveld, med innlagt underhaldning av Fredrik Steen.
Publisert: 01.09.2010 kl. 16:45
Endret: 01.09.2010 kl. 21:11

Brandalsdagane startar i morgon, fredag, men då er det berre barnedisko på Pakkhuset som står på programmet.

Laurdag og søndag blir det meir tettpakka.

Brandal er kjende for å ha mange badenymfer, og ein og anna badeløve. Dei som vil symje blant nymfer og løver må laurdag og/eller søndag møte opp på kai klokka 10.00. For då går fellesjumpet.

Heile laurdagen blir det kafe i Pakkhuset, og standar i sentrum. På bedehuset blir det loppemarknad, og i sentrum blir det barneriding.

Tanken er også å arrangere kassebilløp, men førebels har påmeldinga vore mager. Så dei som har kassebilar må skunde seg å melde frå.

Laurdag er også dagen for den prestisjetunge fotballkampen mellom Indre- og Ytredalen. Kampen går på skuleplassen, og det er berre å møte opp for å heie.

Og når laurdagskvelden kjem blir det fest på Pakkhuset med grilling og underhaldning av Fredrik Steen. Pakkhuset har grillar, men grillmaten må deltakarane ta med sjølve.

Fiskekonkurranse søndag

Også søndag morgon blir det fellesbading i sentrum. På Ishavsmuseet blir det sal av rømmegraut, kaffi og kaker, og det blir også denne dagen loppemarknad på bedehuset.

Men det store søndag er fiskekonkurransen. Basen og påmelding blir på Pakkhuset, og fiskegrensa spenner frå Kvitneset til Lisjeneset i Brandalsstranda.

Søndag blir det også sykkelløp for dei yngste. Påmeldinga skjer på Pakkhuset, og det vil bli delt ut diplom til alle deltakarane.

På forsiden nå

15-åring først i mål

15-åringen Joachim Gustavsen frå Dimna IL var først i mål i den fjerde og siste utgåva av Grimstadvatnet Rundt denne vinteren. Les meir

Song det heile i gang

Fredag kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då Vintertreffet 2012 endeleg kom i gang i Hareidhallen. Det vart ein kveld med mykje energifylt musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir