Ei gruppe grunneigarar i Hareid rykkjer no ut med støtte til viltnemnda i kommunen. Dei ber Fylkesmannen rydde opp slik at nemnda får utføre det arbeidet ho er sett til å gjere.
Bakgrunnen for brevet til Fylkesmannen er eit møte i kommunal regi på Hareid rådhus 19. august der arbeidsmetodane i viltnemnda var tema. Både ordførar Hans Gisle Holstad og rådmann Bent Arild Grytten var til stades. I følgje referatet kom møtet i stand etter ønske frå ulike hjortevald, grunneigarar, lag og organisasjonar. I møtet skal det ha kome fram sterk kritikk mot viltnemnda, både med omsyn til møteinnkallingar, møteavvikling og med omsyn til enkeltsaker. Men heile seansen fekk utfalde seg utan at ein einaste representant for den politisk valde vilt- og innlandsfiskenemnda var fekk vere til stades.
UNDRING OG VANTRU
Viltnemnda har bede fylkesmannen vurdere saka, og no får medlemmene også støtte frå ei gruppe grunneigarar:
– Vilt- og innlandsfiskenemnda i Hareid består av dyktige og godt kvalifiserte representantar – og med ein leiar som er velskolert i demokratiske prosessar, heiter det i brevet til Fylkesmannen, der grunneigarar uttrykkjer full tillit arbeidet i viltnemnda. Brevskrivarane meiner uroa kring viltnemnda stammar frå “eit par aktive grunneigarar/hjortevaldsleiarar” som ikkje aksepterer fleirtalsprinsippet i demokratisk valde organ. Med bakgrunn av det omtalte møtet 19. august rettar brevskrivarane også kritikk mot ordførar Hans Gisle Holstad:
– Det er med undring og vantru vi registrerer at ordføraren framleis hjelper til med å halde varmt eit usakleg og irrelevant konfliktnivå som er med på å forsure og gjere viltnemnda sitt arbeid svært vanskeleg.
Brevet, som er underskrive av Kåre Oksavik, Johs. Klungsøyr, Magnar Hovden, Jostein Mork, Arve Jensen og Georg Johansen, avsluttar slik:
– Vi skal ha oss fråbedd at ordføraren flørtar med eit snevert mindretal i bygda, som arbeider bak kommunestyret, viltnemnda og Fylkesmannen sin rygg for å sverte og forsure viltnemnda sitt møysommelege arbeid med å forvalte viltlova til beste for samfunnet. Dette ber vi Fylkesmannen no ta belastninga med å rydde opp i.
VILTNEMNDA BER OM SVAR FRÅ ORDFØRAREN
Møtet 19. august er også tema i eit brev til ordførar Hans Gisle Holstad frå medlemmene i viltnemnda. Her vil nemnda ha svar på tre spørsmål:
1. Kvifor kalla ikkje ordføraren nemnda inn til møtet 19. august?
2. Kva konkrete problem vart skissert i møtet?
3. Er denne type praksis ei line ordføraren ser seg tent med og vil leggje seg på som grunnlag for kommunal forvaltning i Hareid?
Endret: 02.09.2010 kl. 09:43
