Ronald Kaldhol får drosjeløyve i Hareid

Sigbjørn Haddal har sagt opp drosjeløyvet sitt, og Ronald Kaldhol tek over.

Mobil: 99258003
Publisert: 02.09.2010 kl. 09:46
Endret: 02.09.2010 kl. 09:48

Haddal har sagt opp løyvet sitt med verknad frå 1. oktober i år. Hareid Drosjesentral har varsla samferdselssjefen i Møre og Romsdal om at dei ønskjer at løyvetalet skal vere på same nivå som i dag, og at løyvet til Haddal blir utlyst.

Utlysinga vart gjort i sommar, og det melde seg to søkjarar.

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har vurdert dei to søkjarane. Ingen av dei fyller vilkåra etter yrkestransportforskrifta for å få tildelt drosjeløyve, og ingen av søkjarane har fått godkjent ansiennitet som drosjesjåfør på heiltid i over to år.

Men etter ei samla vurdering gjekk løyvet til Ronald Kaldhol. Han er i gang med å ta løyvekurset, og skal ta eksamen i midten av september. Kaldhol er dessutan den einaste av søkjarane som har ansiennitet som drosjesjåfør på deltid ved Hareid drosjesentral. I tillegg er han for tida tilsett som drosjesjåfør på heiltid ved sentralen.

På forsiden nå

15-åring først i mål

15-åringen Joachim Gustavsen frå Dimna IL var først i mål i den fjerde og siste utgåva av Grimstadvatnet Rundt denne vinteren. Les meir

Song det heile i gang

Fredag kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då Vintertreffet 2012 endeleg kom i gang i Hareidhallen. Det vart ein kveld med mykje energifylt musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir