Gunnar Hjørungnes har starta arbeidet med å setje opp att eit kvernhus ved Hareidselva. Rotary har fått 80.000 kroner frå Sparebanken Møre Hareid til prosjektet.
Endret: 02.09.2010 kl. 09:59
Hjørungnes, som er fagmann på restaurering og oppattsetting av hus med gamle teknikkar, starta rivingsarbeidet av den gamle kverna i førre veke. Mesteparten av materialet var pil rote. Når dei rotne trestokkane er fjerna, startar arbeidet med å lø opp att steinmuren som kverna har stått på. For også muren har rausa ut.
STOVE FRÅ KALDHOLEN
Hjørungnes opplyser at kverna var i så dårleg stand at det ikkje var mogleg å bruke noko av materialen. Men for nokre år sidan kjøpte han ei gammal stove i Kaldholen, og denne materialen skal no nyttast til kvernhus. Dei to husa er nemleg bygde i same teknikk.
Kvernhuset ligg langs Rotarystien, og det er Hareid Rotary Klubb, med prosjektleiar Johs. J. Hareide, som har gått i brodden for å få reist opp att kvernhuset også. Gleda var derfor stor då det på Rotary-møtet i førre veke vart kunngjort at Sparebanken Møre Hareid, vil spandere 80.000 kroner til prosjektet.
Banksjef Aage L. Christensen opplyser at dette er den høgaste summen banken har delt ut til kulturføremål i år.
– Men vi syntest det var den mest spennande søknaden som kom inn. Å setje opp att eit kvernhus i gammal byggjeteknikk er tidkrevjande og kostbart. Men det er ein del av kulturhistoria til Hareid, og vi vil gjerne gi eit bidrag, seier Christensen.
FÅR KVERNSTEINANE TIL Å GÅ
Vigdis Riise, president i Hareid Rotary Klubb, fortel at det var jubel på Rotarymøtet då dei kunngjorde gåva frå Sparebanken Møre Hareid. Sjølv visste ho ikkje om kverna langs Hareidselva før ho begynte å vandre langs Rotarystien. Ved å setje henne i stand, vil nye generasjonar som no brukar Rotarystien, få lære om korleis folk i Hareid i tidlegare tider fekk male korn om til mjøl.
Prosjektleiar Johs. J. Hareide opplyser at målet er at kvernhuset skal stå ferdig i løpet av 2011. Men 80.000 kroner er ikkje nok, og Rotary skal søkje både fylkeskulturmidlar, SMIL-midlar og gå på andre bedrifter i Hareid med bøn om økonomisk støtte.
Planen er at vasskanalen som før gjekk inn til kvernsteinane skal setjast i stand att, slik at nye generasjonar kan få sjå kvernsteinane gå rundt, og korn bli male.
Sparebanken Møre Hareid har i fleire bolkar gitt til saman 77.500 kroner til opparbeiding av Rotarystien. I tillegg gir dei no 80.000 kroner til istandsetjing av kvernhuset. Både Vigdis Riise og Johs. J. Hareide synest banken har vore rause.
SAKNAR EIT BENKEBORD
Langs Rotarystien har klubben kjøpt inn fleire kombinert benker og bord som folk kan setje seg ned og kvile ved. No har eitt av benkeborda, det som ligg lengst frå bilvegane, blitt borte. President Vigdis Riise slår fast at både turgåarar og Rotaryklubben saknar benkebordet. Dei hadde sett pris på at det stilt og roleg vart sett tilbake på plass att.
