Hareid Hotel melder om god interesse for den kulinariske fjellturen komande laurdag.
Endret: 02.09.2010 kl. 10:26
Turen startar frå parkeringsplassen ytst på Flø, og under vegs blir det tre kulinariske pitstoppar: ved Ytrefløvatnet, på Skolma og Brandalssetra.
Komne ned til Brandal blir det skyss til Hareid Hotel, der ein trerettars middag, inspirert av fjellet, ventar turdeltakarane.
Eit høgtrykk har lagt seg over oss, og det er venta sol og 15 varmegrader på laurdag.
Hotellsjef Wenche Jøsok opplyser at dei har fått nærare tjue påmelde, og at det går an å melde seg på turen inntil fredag ettermiddag.
LODDAR UT FJELLSKO OG RYGGSEKK
Dei som blir med på middagen ved Hareid Hotel er også med i trekninga av eit par “71 grader nord” fjellsko. Det er Røyset Sko som spanderer skorne.
– Eg synest den kulinariske fjellturen til Hareid Hotel var ein god idé. Naturen i regionen er fantastisk, og kanskje klarer denne turen å lokke folk som vanlegvis ikkje vandrar i fjellet ut på tur, kommenterer Kirkebø Bjåstad.
Ho legg til at Vikingfjellskoen 71 grader nord er spesielt laga for norske forhold. Han er vasstett og har god gripeevne for både vått terrenget, stein og berg, men er likevel lett.Også Sportssenteret Hareid har merka seg fjellturen til Hareid Hotel. Og under middagen vil det også bli trekt ut ein Bergansekk som dei har spandert.
