Jets fusjonerer inn dotterselskap

Foto: Marius Myklebust
Vikebladet Vestposten
Publisert: 02.09.2010 kl. 11:28
Endret: 02.09.2010 kl. 12:02

Jets-konsernet på Hareid har fusjonert inn dotterselskapa Jets Standard AS og Jets Vacuum AS i morselskapet Jets AS, med verknad frå 1. september.

Gamle namn blir borte

Dei to dotterselskapa har fram til no fungert som salsselskap i kvar sin marknad. Jets Standard AS vart etablert seint på nittitalet for å byggje opp marknaden for vakuumløysingar på land, uavhengig av konsernet sitt maritime selskap Jets Vacuum AS. No vil altså begge dei to mangeårige namna Jets Standard og Jets Vacuum bli borte.

Moden marknad

- Vi opplever at landmarknaden modnast når det gjeld vakuumbaserte sanitærløysingar, slik at sal og leveransar skil seg mindre frå maritime marknader enn tidlegare. Dermed er vi kome til eit godt tidspunkt for å samle drifta i eit selskap, noko som også gjer det lettare å framstå einheitleg under merkenamnet Jets, seier konsernsjef Jan Tore Leikanger.

- Med skiljet mellom selskapa ute av biletet, opnar det seg moglegheiter for enklare og meir kundevenleg organisering internt i Jets. Sjølv om Jets allereie gjer det godt på kundemålingar, vil arbeid og prosessar i Jets no i større grad kunne straumlinjeformast. På den måten kan også respons og servicegrad ut mot kundane ytterlegare forbetrast, utdjupar han.

Ingen konsekvensar for stillingar

Fusjonen går ikkje ut over talet på stillingar i Jets. I lys av situasjonen i den maritime marknaden under finanskrisa, har nokre maritimt tilsette gått over til å jobbe med landbasert salg.

Det er ingen endringar i konsernleiinga i Jets, og dei tidlegare selskapsleiarane frå Jets Standard AS og Jets Vacuum AS vil framleis ha leiaransvar innanfor land- og skipsmarknaden.

Fusjonen vart formelt gjennomførd i Brønnøysundregistra 24. august.

Om Jets-konsernet:

Jets™ har sidan slutten av 80-tallet levert verdas leiande løysingar for maritim sanitærteknologi. Konsernet har i dag over halvparten av verdsmarknaden innan vakuumbaserte sanitærsystem til skip.

Teknologien er også teken i bruk på land med stort hell, og har stort vekstpotensiale innanfor landbaserte marknader der miljø, vannsparing og vannkostnader får stadig større fokus.

Konsernet har hovudkontor på Hareid.

  • Format:

På forsiden nå

15-åring først i mål

15-åringen Joachim Gustavsen frå Dimna IL var først i mål i den fjerde og siste utgåva av Grimstadvatnet Rundt denne vinteren. Les meir

Song det heile i gang

Fredag kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då Vintertreffet 2012 endeleg kom i gang i Hareidhallen. Det vart ein kveld med mykje energifylt musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir