Teknisk sjef i Ulstein kommune planlegg å pensjonere seg.
Endret: 02.09.2010 kl. 14:32
Eg har hatt den glede å få vere med på ei utvikling og ein vekst nesten utan sidestykke i kommunal samanheng.
Elling Indresøvde
Elling Indresøvde sende i midten av august brev til Ulstein kommune om at han ønskjer å fråtre/pensjonere seg. Han blir 67 år i byrjinga av august neste år.
Indresøvde har arbeidd 35 år for Ulstein kommune og totalt over 40 års teneste i leiande og krevjande stillingar. Indresøvde skriv han kan vere fleksibel på når han går av, men ønskjer å gjere det i perioden mellom 1. desember 2010 til 1. mars 2011.
Indresøvde stiller seg open for å drøfte avtale om deltidsarbeid som seniorrådgjevar ei tid framover etter formell fråtreding, innafor den timeramma som KLP har for pensjonsuavhengig arbeid. Indresøvde nyttar høvet til å takke for mange lærerike og utfordrande år. Han ønskjer kommunen lukke til vidare, òg i rekrutteringsarbeidet for ny teknisk sjef.
