Endret: 02.09.2010 kl. 17:37
I 2007 vart kommunane oppmoda om å fatte eit konkret vedtak om legedekning i kommunen sine sjukeheimar og ein plan for å nå det ønska målet. Det nasjonale målet var at talet på legetimar skulle auke med 50 prosent i perioden mellom 2005 og 2010.
På oppdrag frå Helsedirektoratet har fylkesmannen kartlagt kva lokal norm kommunane ville leggje seg på. Kartlegginga syner at det er stor variasjon mellom kommunane på kva dei tilbyr av legeressursar og kvar dei legg lista.
Hareid
Helsesjef Ottar Grimstad for Hareid kommune kan opplyse om at prosessen i Hareid for 2–3 år sidan ikkje var så grundig. Det vart ikkje sett eit konkret mål, men politikarane ville auke løyvingane i tråd med budsjetta.
KOSTRA-tala syner at bebuarane i Hareid gjekk frå 11,4 minutt med lege i veka i 2007 til 12 minutt i 2009.
I 2010 har dei fått to ekstra timar i veka med lege, så no har dei auka til 14,4 minutt i veka pr. bebuar.
Ulstein
KOSTRA-tala frå Ulstein viser ein kolossal auke, frå 9,6 minutt i 2007 til 30,6 minutt i 2009. Men omsorgssjef Marit Botnen kan opplyse om at tala ikkje stemmer.
Bebuarane i Ulstein hadde i snitt 18 minutt med lege i veka i 2009, det same som i år.
Botnen fortel at Ulstein kommune la inn i budsjettet at legeressursane skulle auke med to timar i veka kvart år. No har dei kome opp på eit nivå legane seier dei er nøgde med. Legane er fleksible om det trengst.
Marit Botnen seier ho framleis er interessert i få auka ressursane no som samhandlingsreforma trer inn.
Mest ressursar i Sula
Gjennomsnittet i Møre og Romsdal var på 15,6 minutt i veka pr. bebuar i 2007 og 17,4 i 2009. På landsplan var snittet 18,8 minutt i 2007 og 20,4 i 2009.
Sula er den kommunen i fylket der bebuarane får mest tid med lege, 37,2 minutt i veka. Tingvoll kommune er nede i 9 minutt.
