Endret: 02.09.2010 kl. 17:37
Frå om med skuleåret 2009/2010 vart vaksinen mot humant papillomavirus (HPV) innført som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet for jenter på sjuandeklassetrinnet.
I forkant av innføringa bestemte Helse- og omsorgsdepartementet at dette var eit tilbod berre til jentene i sjuandeklasse. Men no har departementet kome fram til at jentene som takka nei til vaksine, eller ikkje fått tilbod om vaksine, skal få tilbod om vaksine i åttandeklasse.
Svineinfluensaen forseinka kreftvaksinen
Dei ekstraordinære tiltaka i kommunane grunna vaksinering mot svineinfluensa, gjorde at ikkje alle kommunane kom i gang med denne vaksinen mot livmorhalskreft like godt som dei ville gjort elles.
Dei som takka nei, får på ny sjansen. Kanskje auka informasjon om lengre tenkjetid gjer at dei har ombestemt seg?
I Møre og Romsdal er det 70 prosent av jentene som er fødd i 1997 som har fått første dose av vaksinen, 61 prosent har fått andre dosen.
75–100 kvinner døyr årleg
Vaksinen vernar mot to kreftframkallande HPV-typar. Desse virusa er skuld i 70 prosent av tilfella av livmorhalskreft i Noreg. Livmorhalskreft er ein alvorleg sjukdoms om skuldast HPV-infeksjon.
I Noreg får 250–300 kvinner sjukdomen kvart år. Mellom 75 og 100 kvinner døyr årleg av livmorhalskreft. I tillegg blir 3000 kvinner kvart år operert for alvorlege forstadie til livmorhals, melder folkehelseinstituttet.
