Jon Fosse-arkivet er klart til bruk

(Foto: Cecilie Seiness)

Foto: Cecilie Seiness

0

  •   Vikebladet Vestposten

Jon Fosse-arkivet er klart til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.

Mellom gjenstandane er ein paraply Jon Fosse brukte for nokre år sidan.

– I dag er dette ein heilt vanleg paraply, men det er det ikkje om femti år, seier direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet.

Han opplyser at materialet førebels berre er grovsortert, men at interesserte no kan finne mykje av det dei er ute etter.



Saman med Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret arbeider Nynorsk kultursentrum med å få til eit permanent Jon Fosse-arkiv. Grunnlaget er den omfattande forprosjektrapporten Tyngda av ein forfattarskap som Kirsti M. Thorheim la i 2008. Inntil vidare er arkivmaterialet plassert i Ivar Aasen-tunet.



– Førebels er Jon Fosse-arkivet berre eit provisorium. Kvart år søkjer vi om midlar frå Kulturdepartementet for å kome vidare med planane, og det held vi fram med til vi lykkast, seier Ottar Grepstad.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
comments powered by Disqus

– I dag er dette ein heilt vanleg paraply, men det er det ikkje om femti år, seier direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet.

Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Desse vart selde i februar

Herøy trekk opp snittet på ytre Søre.

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Lagar felles kystsoneplan

Fem kommunar har gått saman.

Roar Brekke på Sans Pub:

Latterbrøl i vente

I morgon, laurdag showar standupkomikaren Roar Brekke på Sans, Hareid.

Døypte den første Maersk-båten

Peter Jacobsen i Maersk rosa det gode samarbeidet som er mellom Kleven og Maersk.

Kan ikkje kjøpe, men leige

Ulstein kommune kan likevel ikkje kjøpe parkeringsplassar i parkeringsanlegg av Rome AS.

Badr Rahhaoui er klar for Hødd

19-åringen har signert for dei blåkvite.

Offshore er ikkje lenger størst

Tradisjonell shipping er no større enn offshore. Det viser tal frå Rederiforbundet sin årvisse konjunkturrapport.

Nærmar seg Hødd

Angripar kan bli klar innan kort tid, og kanskje er fleire aktuelle til laurdagens treningskamp mot Førde.

Markert nedgang i februar

I februar fekk Nav varsel om 1.450 moglege oppseiingar og permitteringar. Det er det lågaste talet sidan desember 2014.

Sogndal filmfestival:

«The Letter» vann fire prisar

Heile fire prisar kunne regissør Simon Gjerde Tonev og dei andre aktørane som har laga filmen «The Letter» ta med seg heim frå Sogndal.

Kort innhopp i 3-0 siger

G17-landslaget tok eit langt steg mot EM-sluttspel.