WCL blir majoritetsaksjonær i Norwegian Offshoreservice AS

Mobil: 41651134
Publisert: 09.09.2010 kl. 13:42
Endret: 09.09.2010 kl. 13:42

NOS vart etablert i 2006 og har blitt ein dominerande aktør innan tilkomstteknikk, NDT og sertifisering av løfteredskap i regionen. Selskapet har 26 tilsette og er ein sentral leverandør til den maritime næringa på Nordvestlandet.

Dagleg leiar Karl Johan Jentoft i WCL seier at NOS i likskap med dei satsar på fleirfaglegheit.

– Eit nært samarbeid mellom WCL og NOS passer difor godt inn i forretningsstrategien til båe selskapa. Kjernekompetansen i NOS er tilkomstteknikk, men operatørane og kontrollørane i bedrifta har i tillegg til å vere tilkomstteknikarar kompetanse og/eller fagbrev i eitt eller fleire fag. Selskapet kan tilby mellom anna sveisarar, industrimekanikarar, industrirørleggarar, elektrikarar, riggarar og malarar. Samarbeidet mellom bedriftene i Volda og oss i Haugesund gjev oss auka konkurransekraft, meiner Jentoft.

Dagleg leiar Kay Ove Johansen i Norwegian Offshoreservice As beheld dei resterande 49 prosentane av aksjane i selskapet. Johansen seier at dei tilsette i Volda er positive til oppkjøpet.

– Samarbeidet gjer at me kjem til å stå endå sterkare på Møre. I Haugesund har dei mellom anna ei ingeniøravdeling med kompetanse som NOS ikkje har. Me har tidlegare samarbeidd både administrativt og operativt, seier Kay Ove Johansen.

I samband med at WCL blir hovudaksjonær i Norwegian Offshoreservice AS, overtek Karl Johan Jentoft som styreleiar i selskapet.

  • Format:

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir