Avverga kvinneraid mot Sportssenteret

Ei aust-europeisk kvinne vart stoppa av politiet etter å ha stole ei dyr Bergansjakke og ei joggebukse frå Sportssenteret på Hareid i dag tysdag.
(Foto: Privat)

Foto: Privat

Tjuveriet skjedde like etter klokka 12. Fire unge kvinner - alle frå aust-Europa, men for tida med tilhald i regionen - var på Hareidstur og hadde parkert bilen sin nede ved kaiene.

Dagleg leiar ved Sportssenteret, Erling Hareide, fortel at han sat på matromet. Medan han sat der hadde det vore to utanlandske kvinner inne i butikken. To andre stod utanfor.

Butikken sin kvinnelege ekspeditør la då merke til at den eine av to spesielle og dyre Bergansjakker var borte.

Erling Hareide forstod "teikninga" og sprang ut for å sjå etter kvinnene som nettopp hadde vore i butikken. Han sprang først innom Coop - og så vidare mot haldeplassen. Der såg han fire kvinner på veg inn i ein kvit bil. Den eine hadde eit stort nett.

- Då eg kom ned kika eg inn i bilen for å sjå om der var noko. Men der var ingen ting. Så bad eg om å få sjå i bagasjeromet. Men det fekk eg ikkje. Men eg fekk opna døra - og der låg nettet med den jakka eg sakna pluss ei joggebukse.

- Då sa eg til dei at eg ville ringe politiet, men då vart dei veldig aggressive og pressa meg hardt. Eg fekk likevel meldt frå. Politiet, som då var i Tjørvåg, la i veg mot Hareid. Men det såg mørkt ut med å kunne halde på kvinnene til politiet rakk fram. Dei var veldig aggressive, fortel Erling.

- Då bestemte eg meg for å ta veska til den eine kvinna - og så sprang eg utetter mot Elektrosenteret med eigaren av veska etter meg. Inne på Elektrosenteret fekk eg gøymt veska i ei hylle. Men det vart eit veldig oppstyr der inne - og kvinna beit ein av ekspeditørane der. Sjølv kom eg meg ut frå butikken på baksida og håpte at politiet snart var der.

Og det stemte. Etter ei stund kom politiet, parkerte i Bank-krysset der dei fire kvinnene akkurat då var - og tok dei til sides for avhøyr. Deretter vart kvinnene skyssa inn i politibilen og køyrde bort.

Vakhavande politi fortel i ettertid at det heile enda med ei stadfesting av at den eine kvinna hadde stole ei Bergansjakke til kr. 2.700,- pluss ei joggebukse.

Men desse varene har Sportssenteret fått tilbake.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: