Åndenes Makt frå Hareid

Komande søndag viser TVNorge opptaket som vart gjort i huset til Laila Korsnes på Hareid for ei stund tilbake.

Laila Korsnes flytta med mann og born inn i 1950-talshuset på ytre Hareid i 2001. Men trass i storstilt renovering, vart ikkje tilværet slik dei hadde tenkt. Mystiske lydar, kjøkkenskuffer som gjekk opp av seg sjølv, sur røyklukt som flytta seg frå rom til rom, og ein gut som vart vekt kvar natt, er litt av det som blir skildra.

Programmet Åndenes Makt er delt inn i fleire bolkar. I første del møter vi familien Korsnes som fortel programleiar Tom Strømøy kva dei opplever i huset.

LILLI BENDRISS MED SOM KARSYNT

I andre bolk kjem den klarsynte inn. I dette tilfellet er det verdt å merke seg at den klarsynte i programmet søndag er Lilli Bendriss (fødd Sporstøl) og frå Hareid.

Bendriss går rundt i huset og fortel kva ho føler skjer i huset.

Deretter møtest familien Korsnes og Lilli Bendriss.

Programmet blir avslutta med at programleiar Tom Strømnæs går i arkiv for å finne ut om det kan vere noko som stemmer med forteljinga til Laila Korsnes og Lilli Bendriss.

Laila Korsnes kan ikkje røpe kva som skjer i programmet før det kjem på lufta. Men ho slår fast at Lilli Bendriss var til stor hjelp.

– Vi fekk eit nytt liv i huset, fortel ho.

Laila Korsnes flytta for ei tid tilbake til Stavanger, og det er i dag Terje Korsnes som bur der.

– Men vi var i huset i 9 dagar no i haustferien, og der var heilt stilt og roleg. Det var rett og slett godt å vere der, seier ho.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: