Børstar støv av “Syng med oss”

Med originalarrangement frå Nils Abrahamsen byr Con Moto og Bergsøy blandakor på korkafé med songar frå det gamle tv-programmet “Syng med oss”

Dirigent Svein Eiksund har fått fatt på originalarrangementa ført i pennen av Nils Abrahamsen. Abrahamsen stod bak det populære programmet “Syng med oss” som gjekk på NRK på 80- og 90-talet. Og gjennom gammalt bekjentskap har no Svein Eiksund fått tak i transkripsjonane som vart brukt i programmet. “Syng med oss” var eit populært program som gjekk heile 12 år på NRK fjernsyn. Kjende artistar som Sissel Kyrkjebø og Marianne Juvik Sæbø hadde sine første tv-opptredenar der. Dirigent Svein Eiksund var ivrig sjåar av programmet.

– Når det gjekk var det ei kosestemning i heimen, mimrar han.

“Syng med oss” hadde mellom anna som føremål å ta vare på den norske songskatten, men mange utanlandske slagerar stod også på menyen. Alle desse vart presentert i norsk språkdrakt av mellom anna Bjørn Tore André.

På korkafeen vil det på programmet mellom anna stå ei heil kavalkade med franske songar (med norsk tekst), frå den gongen “Syng med oss” sende frå Paris.

Con Moto og Bergsøy blandakor vil ha både fellesnummer og eigne innslag. Det skal også verte tid til litt allsong for dei frammøtte.

Norsk korforbund 25 år

Con Moto er i desse dagar også aktuelle i samband med at Norges Korforbund fyller 25 år. Forbundet feirar med jubileumsavis og der har Svein Eiksund med si lange fartstid i kormiljøet fått i oppdrag å gi nokre historiske glimt får dei 25 innhaldsrike åra. Eiksund skriv om minnerike hendingar og arrangement, som når Con Moto song på kanten av Skageflå og når koret fekk uventa besøk av ein trengd fugl under ein opptreden på eit Bjørnsonstemne på Lillehammer.

– Ærefullt å bli spurt om noko sånt, seier Svein Eiksund om oppdraget for jubileumsavisa som vil verte distribuert rundt til dei 1000 kora som er medlem av forbundet.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
Siste nyheter

Ungdommane vil ha samspel med kommunen

Fylkesmann Lodve Solholm og fleire med han var på Hareid-besøk torsdag. Han fekk høyre kor det står til med kommunen. – Ta godt vare på dei unge, dei er framtida, oppmoda Solholm.

Utdrikkingslaget enda med nytt band

Hadde konsert på Kafe Josefine på Hareid laurdag.

To tatt med båtpromille

Den eine datt i sjøen under fortøying

Totalt overlegen Warholm

Karsten Warholm, Dimna IL, har vore totalt overlegen 1. dag av NM i 10-kamp for juniorar i Nittedal.

Bryne - Hødd LIVE

Vi følgjer Hødd sin kamp for å halde seg i toppen av Obos-ligaen.

Så mykje mat kastar vi

Mat til ein verdi av 18 milliardar kroner hamnar på dynga, ikkje i magane våre.

Snudde etter tung start

Hødd sitt damelag fekk ein dårleg start på kampen mot Verdal, men slo sterkt tilbake utover i kampen.

- Hadde vore ei fin bursdagsgåve for Falch

Hødd har reist til Jæren for ein tøff bortekamp mot Bryne. Etter ein særs god start på årets sesong ligg Hødd no på andreplass i 1. divisjon.

Vattøy og Horn vil kjempe om sigeren

Ulsteinrittet går av stabelen andre pinsedag, og heimehåpa Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn skal kjempe om den gjevaste plasseringa på heimebane.

Ungdommane vil ha samspel med kommunen

Fylkesmann Lodve Solholm besøkte Hareid torsdag. – Ta godt vare på dei unge, dei er framtida, oppmoda Solholm.

Bedriftsbesøk gir teorien bein å stå på

Lokalt næringsliv motiverer elevar ved UVS

Frå 80-tals-idol til Sølvguttene

Sommaren i Sande byr på litt av kvart.

Bli med på å male korn på gamlemåten

Framstilling av mjøl vert ein av mange "happenings" under Opplev Hareid

Går frå hakking til pjoning

Gamle husflidsteknikkar skal haldast i hevd