Tips oss

Tips oss på 70 01 85 00

  • Ring 70 01 85 00
  • Send e-post til redaksjon@vikebladet.no
  • Send SMS eller MMS med bilder til 901 96 171

Røyset Industri tek over Mørekjøkken

Røyset Industri på Hareid tek over Mørekjøkken – og satsar på å auke talet på tilsette.

Bak Røyset Industri står Paul Røyset. Bedrifta vart starta for 30 år sidan, og held til i eigne lokale like ved sjøen på Liset. Dei har i mange år vore delprodusentar for Mørekjøkken og Kvalsvik Industrier, og har tre tilsette.

No har Røyset Industri sikra seg retten til både namnet og produksjonen av Mørekjøkken.

Møre Interiør as, som har produsert Mørekjøkken, vart etablert på Giske i 1947. I 1972 tok brørne Arvid og Jon Giskeødegård over bedrifta. Men for to år sidan vart Møre Interiør selt, og Wenaas Industrier vart hovudeigarar.

– Dei nye eigarane lukkast ikkje, og i mai gjekk bedrifta konkurs. Men den tradisjonsrike merkevara Mørekjøkken vil leve vidare og skal produserast på Hareid, oppsummerer Paul Røyset.

Han er glad for at dei har fått ta over rettane og namnet. Mørekjøkken har hatt suksess med blant anna modellane Saga eik og Minimal eik og bjørk, og målet deira er at det gode ryktet til Mørekjøkken skal leve vidare.

Paul Røyset peikar at det for kundane er lett å få kontakt med produsenten på Hareid, og at dei er fleksible på løysingar og spesialmål.

– Eg trur mange finn tryggleik i å kunne ha direkte kontakt med produsenten av kjøkkena, kommenterer Paul Røyset.

I tillegg til kjøkken, produserer bedrifta på Hareid og bad og garderobar.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:

Eg trur mange finn tryggleik i å kunne ha direkte kontakt med produsenten.

Paul Røyset
Siste nyheter

Skuffa over bokbåten

- Vi vil gjerne nytte tilbodet, men då må dei kome tidlegare på dag, seier rektoren ved Haddal skule.

Bibelsenteret har tillit til nye stiftinga

Dei har heller ikkje noko meining om ordføraren si rolle i salet av Aktivitetshuset.

Ny leiar i Ulstein Høgre

Stian Lehmann Scheide gjekk av.

Skuldar ordføraren nærast for korrupsjon

Arve Eldar Flø meiner det ikkje er tilfeldig at dei som står bak den nye stiftinga som skal drifte Aktivitetssenteret er partikollegaer med Ulsteinordføraren. Ordføraren svarer at det ikkje har noko med saka å gjere.

Vil ha eige forhandlingsutval

- For Hareid-alternativet

Sjå video:

Glimt frå "Børning 2"-settet

Det neste "Børning"-eventyret går av stabelen på Mjølstadneset i Herøy. Onsdag fekk pressa dokumentere delar av innspelinga. Sjå video!

Skuffa over bokbåten

- Vi vil gjerne nytte tilbodet, men då må dei kome tidlegare på dag, seier rektoren ved Haddal skule.

Bibelsenteret har tillit til nye stiftinga

Dei har heller ikkje noko meining om ordføraren si rolle i salet av Aktivitetshuset.

Ny leiar i Ulstein Høgre

Stian Lehmann Scheide gjekk av.

Sterk kritikk mot ulsteinordføraren

Arve Eldar Flø meiner det ikkje er tilfeldig at dei som står bak stiftinga som skal drifte Aktivitetshuset er partikollegaer av ordføraren. Ordføraren svarer at det ikkje har noko med saka å gjere.

Brandal vender tilbake til Hareid

Kan få re-debuten i treningskamp mot Hødd 2 onsdag kveld.

Hareide tilbake på TV-skjermen

Hareidsdøling og fersk dansk landslagssjef Åge Hareide blir igjen ekspertkommentator på TV.

Manglar praksisplassar

Mange skip i opplag fører til stor mangel på praksisplassar i maritim utdanning.

Warholm til nordisk landskamp

Plukka ut til tre øvingar under innandørslandskamp i Växjø.