Målprisen gjekk til Ulstein Group

Torsdag kveld var Ulstein mållag samla til årsmøte og for å dele ut Målprisen 2011. Prisen gjekk til skipskonsernet Ulstein Group.

Leiar i mållaget, Arild Torvund Olsen, delte ut prisen og sa dette som grunnlag: – Språkbruken hjå firma i lokalsamfunnet har mykje å seie, og har ein sterk signaleffekt. Nynorsken har gjerne stått sterkare i til dømes kulturlivet og utdanningsinstitusjonar enn i næringslivet. Når store aktørar innanfor næringslivet nyttar nynorsk, er dei då med på å utvide domenet til språket vårt. Slik er dei med på å definere kva folk flest reknar som naturlege bruksområde for nynorsken. Nynorsken vert noko meir enn berre eit språk som er "fint i dikt", for å sitera ein vanleg fordom. Difor er det godt å sjå korleis ein av dei verkelege tungvektarane i næringslivet i kommunen vår, nemleg Ulstein Group, er flink til å nytte nynorsk. Med jamne mellomrom syner dei oss, i form av annonsar, pressemeldingar og anna tilfang, at jau, nynorsken er eit godt språk for næringslivet òg. Dét er viktig, og det fortener merksemd. Difor har Ulstein mållag vedteke at me i år skal gje målprisen til Ulstein Group, avslutta Torvund Olsen.

Er oppteken av språk

Lene Trude Solheim, informasjonssjef i Ulstein Group, tok i mot prisen. – Vi er veldig glade og stolte over å motta denne prisen. Vi jobbar mykje med tekstane i formidlinga vår og er veldig bevisst på språket vi nyttar. Vidare er vi også opptekne av å finne gode norske ord, då bransjen er svært internasjonal og i stort grad kommuniserer på engelsk. Det er naturleg for oss å skrive nynorsk til målgrupper i Noreg. Denne prisen motiverer oss til å halde fram med dette.

Underheldt med nynorsk barnesong

Før prisen vart utdelt, fekkdei frammøtte song og musikk med Kari Aske Osnes og Einfrid Grindheim. Etter å ha framført songar av mellom andre Ole Paus, tok dei til på eigenkomponert materiale. Kari Aske Osnes jobbar nemleg med eit prosjekt der ho lagar barnesongar på nynorsk. Ho har akkurat starta å reise rundt i barnehagar for å presentere resultatet. Det er også planlagt å lage ein CD.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

NM: Hødd - Spjelkavik

4-1 siger over Spjelkavik

Hødd møtte Spjelkavik i første runde i fotball-NM.

Sjå kampen i opptak

Vikebladet Vestposten sendte direkte frå Høddvoll i samarbeid med Sunnmørsposten.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Hødd greit vidare i cupen

Etter ein litt tam første omgang, viste Hødd Spjelkavik kven som er storebror dei siste førtifem.

Statleg tiltakspakke:

- For dårleg informasjon

– Eg synest det er vanskeleg å prioritere kva tiltak eg skal gå inn for, sa Jeanette Teigene (Frp) under møtet i Hareid formannskap måndag.

Sambandet Hareid - Sulesund:

Normal drift frå torsdag

NM: Hødd - Spjelkavik:

No håpar Amani på "ketsjupeffekten"

Trass i raudt kort på tampen, var Amani Mbedule nøgd med to mål mot Spjelkavik.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Ønskjer seg eliteseriemotstand

Torbjørn Kallevåg fekk seg eit mål heilt på tampen mot Spjelkavik.

Ny klinikk i Ulsteinvik

Opnar på Stålhaugane 3. mai.

"Hjemmebane"-innspeling på Høddvoll torsdag:

Treng statistar til straffekonkurranse-scene

- Det blir ein veldig artig opptaksdag, seier "Hjemmebane"-produksjonsteamet.

Vestlandsmeister

Anny Våge Molvær vann slalåmkonkurransen under Vestlandsmeisterskap i alpin i Myrkdalen.

Politiet ønskjer fleire tips frå publikum:

Har ikkje funne bilen

Ein raud bil av merket Peugeot, som so vidt klarte å svinge unna ein lastebil i Haddal måndag, er framleis ikkje funnen.

Ulstein vart beste ungdomsskule

Mange flotte prestasjonar under finalane på Skulecupen i friidrett.

Fjord 1 kan vere verdt nesten 5 milliardar

Det meiner meklarhusa som står for tilrettelegginga av børsnoteringa av ferjeselskapet.