Målpris til fotball-skribent

1987-modellen Einar Orten Trovåg fekk Hareid mållag sin målpris 2011.
(Foto: Leiv Arne Grimstad)

Foto: Leiv Arne Grimstad

Einar var oppteken med ein fotballkamp framme på Hareidsmyrane stadion då utdelinga skulle skje i kommunestyresalen torsdag kveld. Ein forkava prisvinnar dukka opp og kunne opplyse at framme i myrane leia Skodje 1-0 over Hareid. Så mottok han rpisen - og det må ha hatt effekt: Hareid slo nemleg Skodje emd heile 7-2. I grunngjevinga for målprisen 2011 heiter det: - Målprisen for 2011 går til ein person som steller med mål på i alle fall to ulike område. Han driv nemleg med mål i både språkleg og sportsleg tyding. Den unge mannen er oppvaksen her i kommunen. Og vi må vel kunne seie at han kjem frå ein familie som er glad i både idrett og språk. Målprisvinnaren er fødd i 1987. Han er ei svært produktiv sjel og kommuniserer sine mål med omverda til alle døgnets tider. Unntaket må vere når han er i dusjen, for datamaskiner toler ikkje vatn. Prisvinnaren har journalistisk teft. I tillegg er han lidenskapeleg interessert i fotball. Publikum kjenner han både frå avisspaltene og frå fotballbanene. I fotball tek han også på seg administrative oppgåver - og røyner det på, speler han gjerne back. Men først og fremst imponerer han som redaksjonell og statistisk pådrivar i Hareid Idrettslag si fotball-nettavis. Mykje takka vere prisvinnaren sin innsats nådde denne fotball-nettavisa høgt i ei kåring av Norges beste fotball-nettaviser i fjor. Ja, hadde kåringa snevra seg inn til å gjelde berre den delen som går på dagleg oppdatering rundt a-stall, juniorlag og gutelag – så kunne det vel hende at målprisvinnaren 2011 og nettavisa hans hadde gått heilt til topps. Prisvinnaren får prisen ikkje berre fordi han er ein dedikert skribent, men også fordi han fører ein naturleg og sikker nynorsk, som sjølvsagt smittar i miljøet og får andre til å føle seg trygge på sin eigen språklege identitet.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Ekornes-pendlarane:

- For lite tid til barna

- Det verste med pendlinga er at eg får så lite samvær med borna mine, seier Caroline Kvalen.

Arbeidsreise med knappe marginar

– Eg hadde ikkje trudd slutten på yrkeslivet mitt skulle bli slik, seier Evy Beiermann.

Kan ikkje love noko

– Vi er klare over problemet, svarer fabrikksjefen, når Vikebladet Vestposten spør kvifor pendlarane ikkje kan få fem minutt kortare matpause.

Tok sølv i skule-NM

John Henrik Kvalsund Paulsen frå Hareid tok sølv i bilfag i tidenes første skule-NM.

Go'dag:

Å kome seg meir ut i det nære

Les denne vekas Go'dag, forfatta av journalist Andreas Steinnes Bjerknes.

Bryne - Hødd LIVE

Følg Hødd sin kamp borte mot topplaget frå Jæren.

#Journeynebukadnesar

Livet i Karibia

Les om neste del av Tobias Hatløy si fantastiske reise rundt Atlanterhavet.

Fjord 1 tek over fire nye samband

Havila-eigde Fjord 1 skal drifte fire ferjesamband i Hordaland.

Hareidsdøling med i fylket si beste studentbedrift:

- Veldig glade og stolte

Gaute Hermansen kunne saman med sine kollegaer feire prisen for årets studentbedrift i Møre og Romsdal.

Blei junior-norgesmeister i turn:

- Dette var veldig kjekt

Med sigeren i junior-NM er Edel Charlotte Eiken Fosse mellom anna kvalifisert til årets europeiske ungdoms-OL i Ungarn.

Edel Charlotte blei norgesmeister

Edel Charlotte Eiken Fosse blei norgesmeister individuelt under helgas junior-NM i turn.

Ønskjer å sørgje for ei trygg og god russefeiring:

No har russefeiringa starta

Russepresident Kjetil Frøystadvåg Kvalsvik likar å ha ansvar. No er russefeiringa i gong, og han har ansvar for 150 medruss.

Lada opp på Blåsarbua:

- Vi er ein flott fotballfamilie

Fleire av Hødd-spelarane varma opp i forkant av bortekampen på Jæren med eit besøk innom Blåsarbua.