Tips oss

Tips oss på 70 01 85 00

  • Ring 70 01 85 00
  • Send e-post til redaksjon@vikebladet.no
  • Send SMS eller MMS med bilder til 901 96 171

Vanskeleg for Ørjan Nyland i U21-debuten

HAMAR: Ørjan Håskjold Nyland måtte plukke fire ballar ut av nettmaskene i debuten på U21-landslaget. Hødd-målvakta kom likevel godt frå torsdagens landskamp mot Sverige som enda i 1-4-tap.
(Foto: Dagfinn Limoseth)

Foto: Dagfinn Limoseth

- Eg er ikkje hundre prosent nøgd med min eigen innsats. Eg meiner sjølv at eg kunne ha redda Sverige-scoring nummer to sjølv om det var eit bra skot. Men det var ingen keepertabbe, sa Ørjan då han etter kampslutt skulle oppsummere sin første landskamp sidan i 2009.

Det har gått nesten to og eit halvt år sidan Ørjan førre gong var i aksjon mellom stengene i norsk landslagsdrakt. Han hadde trenarane si tillit då U19-landslaget deltok i Algarve Cup i Portugal. Etter kvart blei det benkesliting for Hødd i 2. divisjon. Dermed forsvann også moglegheita for å spele aldersbestemte landskampar.

- Det har heile tida vore eit mål å kome tilbake på landslaget. Men eg har vore klar over at eg må prestere på klubblaget for å kome med. Eg føler eg har hatt ei fin utvikling dei to siste sesongane. På dei fleste områda har eg betra meg etter at eg blei førstekeeper i Hødd, seier Håskjold Nyland.

Den spenstige og atletiske keeperen fekk også gitt prov på sine kvalitetar på Hedmarken. Fleire gonger dokumenterte Håskjold Nyland både reaksjonsevne og autoritet. Men han fekk ein vanskeleg jobb i første omgang. Det norske forsvaret hang ikkje saman den første halvtimen på Briskeby stadion, noko som var ein medverkande årsak til at Ørjan måtte kapitulere for to skot.

God på trening

Han kan på ingen måte lastast for at det 2–0 til dei blå-gule ved halv tid. Det var eit heilt anna norsk lag som kom på bana etter sidebytte. Ei sen redusering tente håp om uavgjort. I staden kom det to nye Sverige-mål mot slutten av kampen. Ørjan Håskjold Nyland ikkje gjere mykje med dei. 20-åringen meinte det har gått betre på trening enn det som var tilfelle i kampen. Voldingen følte han på samlinga i forkant fekk henta ut potensialet på fleire av øktene. Derfor har han von om å bli med vidare. Søndag er det ny landskamp.

- Det ligg i korta at Arild Austbø får stå oppgjeret mot England. Vi fekk under samlinga signal om at vi i utgangspunktet skulle stå ein kamp kvar. Derfor er eg innstilt på at eg starter på benken i Southampton, seier 1990-modellen som har imponert mellom Hødd-stengene i år. Det har igjen gjort han landslagsaktuell. Håskjold Nyland legg ikkje skjul på at han var forventningsfull i timane før start. Spenningsnivået var derimot ikkje høgare enn at han hadde kontroll på nervane. Det kribla derimot litt meir enn det bruker å gjere.

Den primære målsetjinga framover blir å gjere det bra på klubblaget. I så fall kan han vere inne i landslagsvarmen når EM-kvalifiseringskampane startar til hausten. Ørjan er i motsetning til mange målvaktar trygg med beina. Det veit landslagstrenarar å verdsette ettersom det er ein viktig eigenskap i moderne fotball. Det kan vise seg å bli ein triumf når han skal prøve å kapre trøye nummer éin.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
Siste nyheter

Hareid Næringsforum meiner framtida ligg i havet

Hareid Næringsforum meiner kommunen bør setje av tilstrekkeleg areal for å utforske, utvikle og etablere vekstkraftige næringar knytt til havrommet.

Nær 7000 kom til handballfesten i Ulsteinvik

Hødd handball og handballforbundet takkar publikum, sponsorar og frivillige for innsatsen under Ulstein Cup i helga.

– Dropp kontantane

Bussjårørane fryktar ran og oppmodar passasjerane til å bruke kort.

Hugs bandtvang

Også i fjellet, minner politiet.

Eigedomstransaksjonar

Aukar framleis

Sjå interaktivt kart med omsette eigedomar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Her er årets dyraste bustadar

27 bustadar solgt for meir enn 4 millionar kroner i 2016.

Hareid Næringsforum: framtida ligg i havet

Hareid Næringsforum meiner kommunen bør setje av tilstrekkeleg areal for å utforske, utvikle og etablere vekstkraftige næringar knytt til havrommet.

Ulstein Cup

- Vi kriga oss gjennom det

Handballjentene avslutta med ein herleg siger over Frankrike i siste oppkøyringskampen før OL.

Ulstein Cup

Foto: Norge - Frankrike

Det vart dramatisk då Norge vann sin siste kamp i Ulstein Cup. Amanda Kurtovic avgjorde kampen i siste sekund.

Ulstein Cup

Spania vann Ulstein Cup

Men fekk svært tøff motstand av eit motivert Romania på tredje og siste dag av oppkøyringsturneringa.

Nær 7000 kom til handballfesten

Hødd handball og handballforbundet takkar publikum, sponsorar og frivillige for innsatsen under Ulstein Cup i helga.

Nordstoga til Folkestad

Det blir storkonsert med Odd Nordstoga på Folketad kulturhus.

Ulstein Cup

Klart for siste dag av handballfesten

Dei norske Handballjentene møter Frankrike, medan Romania skal opp mot Spania i Ulsteinhallen.

Goksøyr opplever det som eit plyndringstokt

Han fryktar Rem Offshore kan vere eit av Akers mange offer i eit raid av den maritime klynga på Nord-Vestlandet.

– Dropp kontantane

Bussjårørane fryktar ran og oppmodar passasjerane til å bruke kort.

Ulstein Cup

- Framleis ting å jobbe med

2300 tilskodarar leverte feststemning på tribunene då dei norske Handballjentene tapte ein tett, tøff og spanande kamp mot Spania.