Vurderer fjordvarmeanlegg på Hareid

Hareid kommune skal undersøke om det er mogleg å etablere eit fjordvarmeanlegg som kan brukast til oppvarming og kjøling av bygg.
(Foto: Leiv Arne Grimstad)

Foto: Leiv Arne Grimstad

I første omgang skal kommunen kartlegge som spesielt utvalde bygg kan vere tente med fjordvarmeanlegg, og om det finst interesse for å delta i prosjektet.

Ein del bedrifter i Hareid kommune har no fått spørsmål om dei kan tenke seg å vere med på fjordvarmeanlegget.

I første omgang vil interessa ikkje vere forpliktande. Det er berre ei kartlegging for å undersøke om det i kommunen er potensial for eit slikt anlegg.

Fjordvarme fungerer på den måten at sjøvatn blir pumpa opp til vekslarhus. Derfrå skjer det ei varmeveksling mot vasskrets på land. Vatnet går deretter i rørnett fram til brukarane. Det varme vatnet kan brukast til oppvarming av bygg, ventilasjonsluft og forbruksvatn med varmepumper. Vassboren varme er ein føresetnad.

Ifølgje utrekningar vil varmepumper med fjordvarme som hovudlast levere 80–90 prosent av oppvarmingsbehovet i bygg. Ca. 10–20 prosent av spisslast med El, gass eller bio. Ventilasjonslufta kan kjølast rimeleg og miljøvennleg, med lite bruk av elektrisitet.

Øyvind Amdam, leiar for område kommunale bygg, peikar på at fjordvarmekonseptet er kjend teknologi, og varme og kjøling på felles uisolert røyrsløyfe gir låge utbyggingskostnader.

Sjøvatn er ein utømmeleg, fornybar ressurs og ei gratis råvare.

Amdam peikar også på at ingen miljøinngrep betyr at utbygging av anlegg er lite kontroversielt, og at ei slik løysing kan gi næringslivet konkurransefortrinn.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: