Slanka seg 35 kilo

Måndag 10. oktober vert det i samband med frivilligsentralen i Ulstein starta Lavkarbo-kurs på aktivitetshuset i Skollebakken. Kursleiar kan skilte med personlege erfaringar.
(Foto: Mone Celin Skrede)

Foto: Mone Celin Skrede

Lavkarbo-kosthald er noko som har vore veldig i vinden dei siste åra. Både VG og andre norske aviser har hatt harde debattar om emnet, og no skal altså dietten lærast bort her på ytre søre.

Kurset skal gå over fire kveldar før jul, og omhandlar ketolyse-kuren, også kalla ekstrem lavkarbodiett.

Dietten går ut på at ein om lag ikkje skal ha i seg karbohydrat, men heller ha eit kosthald som går på protein og feitt. Den raske vektnedgangen ein då oppnår kallast ketolyse.

Kursleiar Arleen Løseth Holstad gir oppfølging til alle påmelde til kurset via e-mail, også etter endt kursperiode.

Vart oppfordra av frivilligsentralen

Arleen Løseth Holstad vart autorisert kursleiar i helga som var, via kontakt med spesialist i allmennmedisin Torkil P. Andersen. Ho hadde nemleg fått ei oppfordring om å starte kurs frå Inger Anne Dimmen i frivilligsentralen. Dimmen hadde lese bloggen hennar og såg at det var stor interesse for det her i Ulsteinvik og omland.

Arleen vart tend på ideen med ein gong. Ho har nemleg sjølv gått på denne dietten i 16 månader, der seks av desse vart brukt på tilpassing.

Ho meiner ho berre har positive erfaringar når det gjeld kuren.

Erfaringane sine og dokumentasjon på slankeprosessen har ho skrive ned i bloggen sin.

– Eg har fått det dokumentert av lege at helsa mi er mykje betre, leververdiane mine er heilt fine, kolesterolet mitt har gått ned, og eg har fin kvilepuls, fortel kursleiaren.

Gler seg til å gjere folk slanke og friske

Ho har mist til saman 35 kilo sidan ho byrja slankinga, er tydeleg nøgd med resultata sine.

Ho gler seg stort til å spreie det ho meiner er eit svært godt bodskap, som vil gjere folk slanke og friske. Men er det det? Korleis verkar denne kuren for personar med kroniske livsstilssjukdommar? Korleis verkar han inn på til dømes diabetikarar?

Den glade kursleiaren opplyser at kurset hennar passar for vaksne folk med ti kilo overvekt eller meir, og på nettsidene om ketogent kosthald meiner vert det hevda at kuren verkar helsefremjande, og at ketogene diettar kan medverke til lågare blodtrykk, forbetring av blodlipida, og til og med betring av diabetes.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: