Endret: 07.11.2011 kl. 15:53
Det lokale orkesteret Mikrokvintetten slepp si aller første plate under årets Sandemesse. Plata som inneheld både småpretensiøse ballader og skranglete sjørøvarrock er ikkje eit sosialtiltak for arbeidslaus ungdom, men kan derimot seiast å vere eit uttrykk for den djupe identitetskrisa lokal ungdom opplever når dei forlet heimkommuna.
Mikrokvintetten har spelt saman sida 2008 og gjort konsertar i høve lokale arrangement og festivalar. Kvintetten er samansett av Inga-Lill Lännerholm (vokal), Vegard Holum (trompet/orgel/kor), Kevin Myklebust (flygel/orgel/wurlitzer), Lars Kinn Ekroll (trommer/perkusjon), Ole Johan Sande (akustisk bass), Thor Richard Isaksen (gitar/vokal) og Kristiane Runde (fiolin).
Etter nokre positive tilbakemeldingar valde Mikrokvintetten å gå i studio for å spele inn songane sine. No er plata omsider klar, og ”Mikrokvintettens Skippertak” vert lagt ut for sal for for første gong på Sandemessa 2011 (på ”standen” til Sparebanken Møre). I høve platesleppet vil Mikrokvintetten også halde minikonsert på Breidablik med utdrag fra plata. Konserten kan høyrast like etter den offisielle opninga av messa på laurdag.
100% regionalt produkt
Plata er eit 100% regionalt produkt. Den er spelt inn på Giske, ”mastra” i Ørsta, arrangert i Haugsbygda, skriven av ein knotting, komponert av ein gursking og tegna av ein larsnesing. I tillegg har det regionale næringslivet finansiert heile gildet!
Tekstane på plata er henta frå den lyriske verda, og ein av tekstforfattarane er den lokale diktaren Peder Knotten (1923 – 1993), som var busett i Gursken. Knotten publiserte aldri sin lyrikk, men skreiv aktivt gjennom store delar av livet sitt.
