SANS - og samling

Om kjærleik og melankoli - og litt Frid & Glede.

Nynorske songtekstar med litterært tilsnitt, skapte av både verdskjende og lokale songskrivarar: SANS og samling opnar konsertåret i Ivar Aasen-tunet førstkomande onsdag.

SANS og samling er ein konsert av og med lokale musikarar, både frå ytre og indre Sunnmøre. Andreas Bjåstad, Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid står bak dei fleste av dei omsette tekstane og dei sjølvkomponerte songane. I tillegg har dei med Tormod Engen, Svein Hunnes og duoen Frid & Glede på scena. Publikum kan gle seg til mellom anna å høyre klassikarane Danny Boy, Hallelujah og From a Distance.

Konserten byd på variert musikk, både eigenkomponert og omsette klassikarar. Publikum får høyre smakebitar frå framsyningane Amerikansk kjærleik på ny norsk, kyrkjekabareten Ei vandring i dine hagar og Cohen-programmet I filler av lys. Konserten blei framført første gong under Hareidsstemna sist haust.

Songane i SANS og samling innheld mykje kjærleik, gjerne med ein melankolsk grunntone. Med duoen Frid & Glede på scena samstundes, blir melankolien krydra med humor og sjølvlaga songar. Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad frå Ulsteinvik utgjer duoen, som har vore ettertrakta i området dei siste åra.

I 2008 og 2009 framførte Andreas Bjåstad eigne tekstar i kyrkjekabareten Vår ferd i dine hagar til melodiar av mellom andre Odd Goksøyr. Bjåstad og Goksøyr, i samarbeid med mellom andre Øvrelid og Engen stod bak framsyninga Amerikansk kjærleik på ny norsk, kjærleikssongar sungne av kvinnelege amerikanske artistar i nynorsk språkdrakt. Dei same var òg med på Odd Goksøyr si Leonhard Cohen-framsyning I filler av lys nokre år tidlegare.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Desse vart selde i februar

Herøy trekk opp snittet på ytre Søre.

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Lagar felles kystsoneplan

Fem kommunar har gått saman.

Roar Brekke på Sans Pub:

Latterbrøl i vente

I morgon, laurdag showar standupkomikaren Roar Brekke på Sans, Hareid.

Døypte den første Maersk-båten

Peter Jacobsen i Maersk rosa det gode samarbeidet som er mellom Kleven og Maersk.

Kan ikkje kjøpe, men leige

Ulstein kommune kan likevel ikkje kjøpe parkeringsplassar i parkeringsanlegg av Rome AS.

Badr Rahhaoui er klar for Hødd

19-åringen har signert for dei blåkvite.

Offshore er ikkje lenger størst

Tradisjonell shipping er no større enn offshore. Det viser tal frå Rederiforbundet sin årvisse konjunkturrapport.

Nærmar seg Hødd

Angripar kan bli klar innan kort tid, og kanskje er fleire aktuelle til laurdagens treningskamp mot Førde.

Markert nedgang i februar

I februar fekk Nav varsel om 1.450 moglege oppseiingar og permitteringar. Det er det lågaste talet sidan desember 2014.

Sogndal filmfestival:

«The Letter» vann fire prisar

Heile fire prisar kunne regissør Simon Gjerde Tonev og dei andre aktørane som har laga filmen «The Letter» ta med seg heim frå Sogndal.

Kort innhopp i 3-0 siger

G17-landslaget tok eit langt steg mot EM-sluttspel.