Full aktivitet med nye Holsekervegen

- Det er ei markant mengd med masse som skal køyrast til og frå prosjektet “Nye Holsekervegen” i Ulsteinvik.
(Foto: Joar Drønnesund)

Foto: Joar Drønnesund

Det fortel medeigar og anleggssjef, Birger Furesund i entreprenørverksemda Aurvoll og Furesund frå Herøy.

Store utfordringar

Birger Furesund, kan fortelje at dei skal køyre ut omlag 20.000 kubikk med sand og mold frå anlegget i Holsekerdalen. Han er òg spent på om dei greier å få inn nok stein til konstruering av vegen.

Det er i følgje planane krevja omlag 14000 kubikk stein.

- Me har tre semitrailarar og to single lastebilar som køyrer kontinuerlig på dette prosjektet, legg Furesund til.

Dagleg leiar, Eivind Berge i Aurvoll og Furesund, stadfestar at dei er i rute og har vore heldige med eit godt anleggsvêr.

- Framdrifta er bra, og nesten heile vegstrekninga er uttraua, legg han til.

- Me òg kan snart byrje å grave grøfter for teknisk anlegg og fjordvarme.

Fjordvarme, også kalla fjernvarme, er ei framtidsretta løysing som blir plassert i Holsekerdalen i forbinding med den nye vegen. Dette opnar for å hente fjordvarme til øvre delar av Ulsteinvik, frå ein sentral plassert eksempelvis i Sjøgata.

Inga arkeologiutgraving

Det har vore undring i om det har vore arkeologiutgravingar i forbinding med den nye vegen. Anleggsleiar for prosjektet, Bjørn Inge Nesset i Aurvoll og Furesund, kan avkrefte dette.

- Der er eit freda område lengre opp i dalen, men det området kjem ikkje vi i kontakt med på nokon måte.

Nesset fortel at naboane til anleggsområdet ikkje verkar å ha noko mot prosjektet.

Då lokalavisa spør, svarar han med at dei trur bebuarane set pris på at vegen endeleg kjem.

Vegen vil strekkje seg frå Amfi-senteret, og knytte seg til svingen i botnen av Hofset-bakken. Entreprenøren Aurvoll og Furesund frå Herøy driv annleggsverksemd, og har Søre Sunnmøre som sin arena. Frå nyttår kan firmaet skilte med ein ordrereserve på 60 millionar kroner. 48 sysselsette er engasjerte i den daglege drifta.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: