Stiftar Sunnmøre regionråd IKS

17. februar 2012 er det klart for stifting av Sunnmøre regionråd IKS. Møtet finn stad i Herøy kommune.

Vikebladet.no
Publisert: 20.01.2012 kl. 17:16
Endret: 20.01.2012 kl. 17:19

Dette er blant dei største samarbeidssakene nokon gong på Sunnmøre.

Med 17 medlemskommunar vert Sunnmøre regionråd det regionrådet i Norge som har flest medlemskommunar.

Samarbeidsforma er forpliktande med stifting av eit nytt interkommunalt selskap. ÅRU IKS vert overdrege til det nye selskapet. Sunnmøre regionråd skal vere eit felles organ for deltakarkommunane.

Selskapet har som målsetting å bidra til ei positiv utvikling i regionen samla og i deltakarkommunane. Selskapet skal vere ein aktiv regional pådrivar med vekt på regional samfunnsutvikling, næringsutvikling og interkommunalt samarbeid. Selskapet skal drive med regional strategiutvikling, vere ein regional utviklingsaktør og fremje saker som utviklar regionen.

På forsiden nå

Nyetablering i Dragsund

PG Hydraulics AS flyttar frå Mjølstadneset til Dragsund. Les meir

Bortimot alle er kampklare

Nesten alle i Hødd-stallen er klare til å spele kamp i Tyrkia torsdag eller fredag. Les meir