Støtta heilhjarta opp om nye Høddvoll

Nye Høddvoll Arena. Teikning: Georg Grimstad.

Ulstein formannskap sa tysdag samrøystes ja til "Nye Høddvoll"-planane.

Mobil: 41651134
Publisert: 24.01.2012 kl. 20:01
Endret: 25.01.2012 kl. 09:39

Ulstein formannskap var fullt av lovord over planane. "Forbilledleg" og "typisk Ulstein å finne så gode løysingar", var formuleringar som var brukte for å skildre prosjektet. Politikarane var lukkelege over å få i hamn eit så godt samarbeid mellom det frivillige organisasjonslivet, næringslivet og det offentlege. Dei rosa administrasjonen og Hødd for vel utført forarbeid.

Formannskapet rår kommunestyret til å vedta utbygging av Nye Høddvoll stadion, med ei kostnadsramme på om lag 50 mill kr.

Anlegget omfattar utbygging av kunstgrasbane m/ undervarme, flomlysanlegg og tribuneanlegg.

Det vart sagt at investeringa ikkje vil koste kommunen ei krone og at ho ikkje vil tevle med investeringar på Arena Ulstein (nytt idrettsanlegg med symjehall og bibliotek i sentrum).

Les meir om tilrådinga formannskapet gjorde tysdag 24. januar i papiravisa torsdag. Saka skal opp til endeleg avgjerd i Ulstein kommunestyre torsdag 2. februar.

På forsiden nå

Nyetablering i Dragsund

PG Hydraulics AS flyttar frå Mjølstadneset til Dragsund. Les meir

Bortimot alle er kampklare

Nesten alle i Hødd-stallen er klare til å spele kamp i Tyrkia torsdag eller fredag. Les meir