Førebels rekneskap viser at Ulstein kommune gjekk med vel 3,3 millionar kroner i underskot i 2011.
Endret: 22.02.2012 kl. 16:56
Førebels rekneskap for 2011 er no sendt til revisjon. Rådmannen skriv i orienteringa si til Ulstein formannskap at revisjonen sitt arbeid kan endre resultatet.
Underskotet er ikkje like ille som frykta etter tredje kvartalsrapport.
Det negative avviket på skatt/rammetilskot vart 3,3 millionar.
Fleire i pluss
Teknisk etat kom ut med eit overskot på 1,6 millionar kroner. Ein av grunnane er den store aktiviteten siste kvartalet, noko som gjev kommunen meirinntekter på gebyr i samband med bygging og planarbeid.
Sentraladministrasjonen kom ut med eit overskot på 2,2 millionar. Oppgjeret for pensjon utgjer 1,3 millionar av dette.
Endeleg rekneskap for 2011 blir truleg lagt fram for Ulstein kommunestyre 26. april.
