Vil ha Wordfeud på nynorsk

(Foto: Odin H. Omdal)

Foto: Odin H. Omdal

- Ei nynorskutgåve av Wordfeud vil gje store pedagogiske gevinstar, seier Vebjørn Sture (24), påtroppande leiar i Norsk Målungdom (NMU).



Landsmøtet i Norsk Målungdom sist helg gav klårt uttrykk for at det er på tide å la nynorskbrukarane få spele Wordfeud på sitt eige språk. I ei fråsegn påpeiker landsmøtet også at både bokmåls- og nynorskelevar vil dra fordel av eit slikt tilbod.



– Nynorsk- og bokmålselevar har det til felles at dei ser for lite nynorsk rundt seg i kvardagen. Wordfeud på nynorsk vil vere ein enkel og morosam måte å lære seg nynorsk på, uansett kva den enkelte eleven har som hovudmål, forklarer Sture, som sjølv har vakse opp med bokmål som hovudmål.



– Mange elevar, særleg dei med bokmål som hovudmål, møter ikkje nynorsken stort andre plassar enn i norsktimane på skulen. Då er det ikkje rart at dei synest det blir vanskeleg å lære seg. Å tilby nynorskversjonar av mobilspel som Wordfeud er ein glimrande måte å nå ut til desse elevane på, held Sture fram.



Den nyvalde NMU-leiaren trur også ei nynorskutgåve av Wordfeud vil vere lønsamt for spelskaparen, Wordfeud-gründer Håkon Bertheussen.



– Wordfeud på nynorsk vil utvilsamt ha stor appell i nynorskmiljøa. I tillegg kjem alle dei potensielle kundane som i utgangspunktet er bokmålsbrukarar, men som vil ha Wordfeud på nynorsk for å øve seg i det - akkurat slik vi ser at mange bokmålselevar har til dømes Facebook på nynorsk. Her ligg vegen open for større inntekter, både gjennom at fleire kjøper betalingsversjonen, og gjennom meir visningstid for reklamen i gratisversjonen, forklarer Sture, som også sjølv speler Wordfeud.



– Å spele Wordfeud på bokmål er for så vidt grei sidemålstrening for min eigen del, men eg kan garantera at entusiasmen vil auka så snart Wordfeud kjem på nynorsk. Då skal eg kjøpa betalingsversjonen, smiler Sture.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Oktober-billettane vart fort rivne vekk

Nytt føredrag i februar

Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale samanlikna formuesskatten med friidrett:

- Som å starte 40 meter bak konkurrentane

Verdsmeisteren stod på stand for Jets:

Ingrid og Astri fekk møte sin store helt

Klima- og miljøvernministeren om Jets:

- Har mykje å bidra med