Spennande landsmøte i Mållaget

Førre helg arrangerte Noregs Mållag det 96. landsmøtet i Oslo. Målfolka frå Sunnmøre fekk med seg eit spennande og mangfaldig program.



– Det gjev inspirasjon å vere på landsmøtet. Det syner seg at vi har dei same utfordringane over heile landet. Vi trur vi bur i ein klar nynorskkommune, men det er likevel noko me må arbeide meir med, seier Kristian Fuglseth, styremedlem i Sunnmøre Mållag og aktiv i Hareid Mållag. Han fortel at dei også lokalt ser at det mykje å arbeide vidare med.

– Til hausten vil vi lage fylkesdekkjande mållagsseminar som tek for seg både organisasjonsbygging og medietrening.



Det viktigaste faget

Utfordringane for norskfaget stod øvst på agendaen på landsmøtet.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kom til landsmøtet utan konkrete lovnader, men var tydeleg på at ho ynskjer å styrkje nynorsken både som hovudmål og sidemål.



– Elevane i nynorske kjerneområde, med bokmål som sidemål, er eit bevis på at det går an å bli sterk i begge målformer. Dei lærer språka godt fordi dei møter begge dagleg. Slik opplæringa er i dag, får ikkje elevar i område der bokmål dominerer den same sjansen til å møte begge språka jamleg, seier Janne Nygård, nyvald nestleiar i Noregs Mållag.



Vil ha god nynorskundervisning

Landsmøtet drøfta kva krav Mållaget har til revisjonen av norskfaget.

– Landsmøtet sa klårt frå at elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen framleis må få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og karakter frå obligatorisk eksamen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.



– Den viktigaste saka er norskfaget. Eg trur kunnskapsminister Kristin Halvorsen er såpass interessert i språk at ho er open for å ta vår argumentasjon snart, seier Kristian Fuglseth.



Gjennom ord blir verda stor

I år vart barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor – kampanje for meir nynorsk i barnehagen» avrunda. Arbeidet med å få meir nynorsk i barnehagane lokalt og meir nynorsk i førskulelærarutdanninga vil halde fram. I tillegg vedtok landsmøtet fråsegner om styrking av andrespråksopplæringa i samisk, endringar i stadnamnlova og nynorske læremiddel i trusopplæringa.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
Siste nyheter

Braut seg inn og sovna

Men sette ikkje pris på å verte vekt

Konsertomtale:

Vel blåst - Gospelkoret

Fin konsert i Ulstein kyrkje torsdag kveld.

Sondre S. Beite har signert

Kontrakt med IL Hødd Fotball ut 2017-sesongen

900 meter med rør blir senka i fjorden

Jobbar på spreng med inntaksleidninga til fjordvarmeanlegget i Ulsteinvik.

Får frekt og romantisk besøk

Bergensbandet Razika til Ulstein vgs.

BILDESERIE

Rocka på Reiten

Musikkskuleelevane fekk det til å svinge

Uavgjort, litt ufortent

Hareid hadde sjansane til siger mot Stryn

Braut seg inn og sovna

Men sette ikkje pris på å verte vekt

Ulstein verft planlegg kutt

Må gjere omstillingar i ein tøff marknad

Nybakt i Bakargarden

Lukta av nysteikt bakverk er tilbake i Bakargarden

KOMMENTAR

Takk for maten

Medan det meste anna er usunt, har feittet fått sin revansj

Nye sjøsettingar på Runde i påska

Forskningsprosjekt for heile familien

Inviterer til påske-LAN

Datatreff fire dagar i strekk