Politiet har sikra seg spor

Politiet i Ulstein og Hareid har sikra seg spor frå innbrotet på Trafikkterminalen på Hareid.

Politi frå Ulstein og Hareid Lensmannskontor kom i morgontimane til Trafikkterminalen og sperra av området. Dei har gjennomført ein del tekniske granskingar, og blant anna brukt hund. Nokre personar er også avhøyrd.

Tjuvane har kome seg inn på Trafikkterminalen ved å knuse vindusdøra i fronten av bygget, ned mot snøggbåtkaia. Politiet har ikkje full oversikt over kva som er stole, men ting kan tyde på at det i første rekke er tobakksvarer dei har vore ute etter.

Politibetjent Ole Kragset opplyser at dei har sikra seg ein del spor, men at dei førebels ikkje har nokon mistenkte.

Etterforskinga vil halde fram.

Siste nyheter

- Kan utgjere ein stor forskjell

Laurdag vil elevane ved Sunnmøre folkehøgskule ha med ulsteinvikarane på Globalløp for YWCA Ilula.

Slappe med årsavgifta

I desse dagar vert purringa på årsavgifta sendt ut til dei som ikkje har betalt, eller som betalte for seint. Hareid kommune får flest purringar i fylket.