Fjernvarme på gang

Formannskapet i Ulstein kommune vedtok samrøystes at dei er postive til å byggje ut infrastruktur for fjernvarme.

Magne Hjelle frå Fjordvarme AS var på plass for å forklare korleis fjernvarme fungerer og korleis Ulstein kommune vil tene pengar på investeringa - på sikt.

Produserast andre stader

Dersom du ikkje har høyrt om fjernvarme tidlegare så sjekk denne definisjonen frå nettstaden wikipedia.no:

“Fjernvarme er et energisystem der energi til oppvarming produseres ett sted og anvendes et annet sted. Til transport av varmeenergien brukes en lukket rørsløyfe som transporterer varmt vann til forbruker og lunket vann tilbake for ny oppvarming. Energiproduksjonen kan derved skje i effektive fjernvarmesentraler flere kilometer fra forbrukeren.”

Selskapet Ulstein fjernvarme AS skal byggje ut og drifte fjernvarmesystemet i Ulsteinvik. Selskapet har ikkje fått på plass dagleg leirar. Verner Larsen (som i dag er fungerande rådmann) har figurert i denne rolla så langt, og hausta mykje skryt i formannskapet for sin jobb med utgreiinga.

83.4 millionar kroner

Det verkar å vere brei semje om dei positive sidene ved prosjektet. Det er økonomien dei fleste lurer mest på. Dette var grundig gått gjennom av Magne Hjelle. Ein tener ikkje pengar på fjernvarme med det første, men etter nokre år. Kor mange og kor store leigetakarar ein får med seg på prosjektet er avgjerande for økonomien.

– Samla utbygging er kalkulert til 83.4 millionar kroner brutto innan 20 år. Av dette er infrastrukturen som ein ser føre seg at kommunen kan eige 39.2 millionar kroner brutto. Det er altså ein betydeleg del av selskapet sin aktivitet som framleis kan finansierast av andre aktørar, skriv Verner Larsen i utgreiinga.

Treng aksjonærar

Av aktuellar kundar som er lista opp kan vi nemne Blåhuset, Ulstein arena, Rolls-Royce, SUFH?og Ulstein vidaregåande skule.

– Men det er viktig å få med dei mindre aktørane også. Alle er viktige. Det vil jo også komme opp nye bygg som vil ha interesse av dette, sa varaordførar Knut Erik Engh (Frp) under tysdagens formannskapsmøte.

Han var svært glad for at prosjektet hadde komme så langt som det er.

– Dette er eit viktig prosjekt innan samfunnsutvikling. Eg håper mange aksjonærar er positive, supplerte ordførar Jan Berset (H).

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: