Alt klart for «Go With The Flø»

Sundag skal musikar og kunstnar Magne Furuholmen opne kunstivalen “Go With The Flø” med eit øyredøyvande brøl. Fredag kom han til Flø med ein solid konklusjon.

– Flø har Noregs mest musikalske kyr, fortel Furuholmen over ein lunsj utanfor lokalet til Studio Hugo Opdal fredag ettermiddag.

Musikalsk tolking

På eit stort mobilt horn skal Furuholmen framføre eit verk – spesialskrive for kunstivalen med lydopptak frå det maritime miljøet på Kleven Verft – blanda med ku-song frå Flø.

– Hugo spurde meg om eg ville lage noko musikk av lydane. Og det ville eg. Musikken er ei tolking av området i ein musikalsk samanheng, slår Furuholmen fast, som gler seg over å vere på Flø for tredje gang.

Fleire tilskot

Studio Hugo Opdal, Paul Stolper Gallery i London, Moods of Norway og bygdefolket på Flø samarbeider om arrangementet.

Og årets kunstival har ei rekkje tilskot på menyen;

Den britiske kultlegenda Robyn Hitchcock spelar opp til intimkonsert ved forsamlingshuset på Flø. Singer-songwriteren har gjennom tre tiår har gitt ut ei rekkje kritikarroste album. Under konserten på forsamlingshuset får Hitchcock selskap av Furuholmen på scena.

I tillegg kan kunstivalgjengararne oppleve Anne Lise Frøkendal og Frode Strømstad frå “I Was a King”.

Fargerike inntrykk

I lokala til Studio Hugo Opdal opnar kunstutstilling med verk av mellom andre Bjarne Melgaard, Sverre Koren Bjertnæs, Damien Hirst, Nicolay Aamodt, Håvard Vikhagen, Jim Medway og Magne Furuholmen.

I tillegg har kunstnarane Paul Stolper og Håvard Vikhagen på førehand vald ut kunstnarar som får stille ut verka sine under den nye utstillingsseksjonen “Go With the Flø New Talents”: Silje Lie Bjerkan og Karin Augusta Nogva.

Denne utstillinga vil vere open for publikum heile sommaren.

Noko for ein kvar smak

– Go With the Flø er eit arrangement for heile familien. Som tidlegare år, står bygdefolket på Flø for matservering, kunstverkstad og andre spennande aktivitetar for borna. Då også drivverkkunst, traktorturar med rosa-traktoren, dyrebesøk og forteljarstund med dramagruppa frå Høgskulen i Volda, fortel Audun Hopland.

Ei unik traktorutstilling og lansering av splitter nye Moods of Norway-kle gjer opplevinga komplett, fortel Hugo Opdal.

Så her er det all grunn til å “Go With the Flø” denne helga.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Hugo spurde meg om eg ville lage noko musikk av lydane. Og det ville eg. Musikken er ei tolking av området i ein musikalsk samanheng.

Magne Furuholmen
Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Desse vart selde i februar

Herøy trekk opp snittet på ytre Søre.

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Lagar felles kystsoneplan

Fem kommunar har gått saman.

Roar Brekke på Sans Pub:

Latterbrøl i vente

I morgon, laurdag showar standupkomikaren Roar Brekke på Sans, Hareid.

Døypte den første Maersk-båten

Peter Jacobsen i Maersk rosa det gode samarbeidet som er mellom Kleven og Maersk.

Kan ikkje kjøpe, men leige

Ulstein kommune kan likevel ikkje kjøpe parkeringsplassar i parkeringsanlegg av Rome AS.

Badr Rahhaoui er klar for Hødd

19-åringen har signert for dei blåkvite.

Offshore er ikkje lenger størst

Tradisjonell shipping er no større enn offshore. Det viser tal frå Rederiforbundet sin årvisse konjunkturrapport.

Nærmar seg Hødd

Angripar kan bli klar innan kort tid, og kanskje er fleire aktuelle til laurdagens treningskamp mot Førde.

Markert nedgang i februar

I februar fekk Nav varsel om 1.450 moglege oppseiingar og permitteringar. Det er det lågaste talet sidan desember 2014.

Sogndal filmfestival:

«The Letter» vann fire prisar

Heile fire prisar kunne regissør Simon Gjerde Tonev og dei andre aktørane som har laga filmen «The Letter» ta med seg heim frå Sogndal.

Kort innhopp i 3-0 siger

G17-landslaget tok eit langt steg mot EM-sluttspel.