Då Furuholmen skrudde opp volumet:

Flø-kyrne i full gallopp

Flø-kyrne tok til galloppen då Magne Furuholmen skrudde opp volumet på verdas største mobile horn under "Go WithThe Flø" søndag.

Kunstivalen hadde fullklaff med vêret - og det vart billettert ca 450 bilar, som igjen tilseier at over 2000 personar var innom i løpet av dagen.

På grunn av kødanning på bygdevegen rakk ikkje alle tidsnok fram til å få med seg opningsstuntet med verdas største mobile horn.

Men kyrne i Eliasgarden på Flø fekk det med seg og tok til galloppen då a-ha-kjendis Magne Furuholmen skrudde opp volumet på musikken, som var ei blanding av klinkelydar får Kleven Mek, traktorvræl og ku-rauting.

Bonden i Eliasgarden fann det til slutt best å sleppe kyrne sine innatt i fjøsen.

Go With The Flø traff blink nok ein gong. Folk hygga seg med dei ulike aktivitetane - og ikkje minst ved matbodene nede ved hamna.

Der var det så mykje folk og lange køer at det vart dikta eit nytt ord: KØFLØ. Go With The Køflø.

Meir om kunstivalen i tysdagsavisa.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

NM: Hødd - Spjelkavik

4-1 siger over Spjelkavik

Hødd møtte Spjelkavik i første runde i fotball-NM.

Sjå kampen i opptak

Vikebladet Vestposten sendte direkte frå Høddvoll i samarbeid med Sunnmørsposten.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Hødd greit vidare i cupen

Etter ein litt tam første omgang, viste Hødd Spjelkavik kven som er storebror dei siste førtifem.

Statleg tiltakspakke:

- For dårleg informasjon

– Eg synest det er vanskeleg å prioritere kva tiltak eg skal gå inn for, sa Jeanette Teigene (Frp) under møtet i Hareid formannskap måndag.

Sambandet Hareid - Sulesund:

Normal drift frå torsdag

NM: Hødd - Spjelkavik:

No håpar Amani på "ketsjupeffekten"

Trass i raudt kort på tampen, var Amani Mbedule nøgd med to mål mot Spjelkavik.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Ønskjer seg eliteseriemotstand

Torbjørn Kallevåg fekk seg eit mål heilt på tampen mot Spjelkavik.

Ny klinikk i Ulsteinvik

Opnar på Stålhaugane 3. mai.

"Hjemmebane"-innspeling på Høddvoll torsdag:

Treng statistar til straffekonkurranse-scene

- Det blir ein veldig artig opptaksdag, seier "Hjemmebane"-produksjonsteamet.

Vestlandsmeister

Anny Våge Molvær vann slalåmkonkurransen under Vestlandsmeisterskap i alpin i Myrkdalen.

Politiet ønskjer fleire tips frå publikum:

Har ikkje funne bilen

Ein raud bil av merket Peugeot, som so vidt klarte å svinge unna ein lastebil i Haddal måndag, er framleis ikkje funnen.

Ulstein vart beste ungdomsskule

Mange flotte prestasjonar under finalane på Skulecupen i friidrett.

Fjord 1 kan vere verdt nesten 5 milliardar

Det meiner meklarhusa som står for tilrettelegginga av børsnoteringa av ferjeselskapet.