SUFH-kampanje førte fram

Ulstein kommune er no skatteparadisfri sone.

Som ein del av kampanjeveka til internasjonal linje ved SUFH arbeidde elevane med ei kampanje der dei ville få Ulstein kommune til å erklære seg som skatteparadisfri sone. No har dette skjedd, og elevane er nøgde.

– Vi er svært imponert over Ulstein kommunes vilje til å ta opp kampen mot skatteparadis. Skatteparadis snyt u-land for sårt trengde millionar kvart år, og dette tiltaket er eit viktig steg i kampen mot slike urettferdige skatteunndragingar, seier Håvard Skogerbø, tidlegare elev ved SUFH.

Etiske krav

For Ulstein kommunestyre er det viktig å unngå at dei medverkar til at firma basert i skatteparadis-land får tappe økonomien.

– Ulstein kommunestyre ser at kommunen gjennom handel med selskap med base i såkalla skatteparadis-land og som opererer i ein skjult økonomi, kan medvirke til å tappe både kommunale, nasjonale og internasjonale ressursar – og at det ikkje minst går ut over folk i land med stor fattigdom, heiter det i tilrådinga frå Rådmannen. Tilrådinga vart vedteken med 6 mot 0 røyster.

Å vere skatteparadisfri er ikkje berre meint som eit tiltak for Ulstein kommune som organisasjon, men også ei oppmoding til kommunen som eit samfunn.

No er neste steg i prosessen at innkjøpsleiar for innkjøpssamarbeidet på Søre Sunnmøre får sendt over saka, og at det derifrå vert gjort ei nærare vurdering av innkjøpsreglar og praksis.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: