Igor frå Bås-9a på Norske Talenter

Tjue år etter Igor Dunderovic kom til asylmottaket Myrtunet på Hareid syng han om det i beste sendetid på fjernsyn.
Nyhende

Tretten år gamle Igor Dunderovic kom til Myrtunet hausten 1992 saman med familien sin. I to år budde den bosniske familien på asylmottaket i Hareid. Igor gjekk på Hareid ungdomsskule.

Det er denne tida som legg grunnlaget for visene han syng på Norske Talenter. Sist han var på TV-skjermen fekk han Mia Gundersen i dommarpanelet til å le så ho nesten tissa på seg. I morgon, fredag 12. oktober, er han å sjå igjen.

Budd fleire stader

Etter to år på Hareid budde familien eitt år på Frogner, like ved Frognerparken. Deretter budde Igor tre år i Nittedal med familien, før han flytta til Trondheim for å studere. Der var han ti år, før han arbeidde ved Aker i Stavanger. Då kona vart gravid flytta dei atter ein gong til Trondheim, før dei flytta til ein gard i Telemark. Og no bur Igor med familie i Skien.

Det at han har budd så mange stader, gjer at han kjenner landet godt og har mykje materiale å lage humor og viser av.

Humor om asylmottak

Igor har i lag med Elvis Medic, fetteren til mora, men jamgamal med Igor, laga eit show med eit humoristisk blikk på asylmottak.

Igor fortel at dei har fått ein del speleoppdrag, noko han smålåtent trur kjem av at dei er aleine med dette konseptet. Medan slektningen Elvis har bakgrunn frå eit asylmottak på Drevsjø like ved Svenskegrensa, kjem Igor frå eit asylmottak i ei myr i havgapet.

Gjennom skråblikka sine ønskjer Igor og Elvis å gje ei djupne i innvandringsdebatten.

På fjernsyn i morgon

Duoen Igor og Elvis gjekk altså vidare i Norske Talenter. Fredag, i morgon, kan du igjen sjå dei.

Denne gongen syng dei ei spesialskrive vise som heiter “Dommerdag”.

Den som ser på programmet får sjå om dommarpanelet sender dei vidare eller ikkje.