Historia til dei enkelte kyrkjene er lite kjend for dei fleste av oss; det er nemleg svært få som har forska på dette emnet på ein systematisk måte. Det var nettopp dette Øystein Ekroll ville gjere noko med. Som arkeolog og spesialist på steinbygningar frå mellomalderen, har han sidan 1992 arbeidd som forskar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider i Trondheim.

Givande samarbeid

Arkeologen, som har sine røter frå Larsnes, innrømmer gjerne at han er meir enn middels interessert i kyrkjehistorie: I 1974 og 76 deltok han på utgravingane av kyrkjetuftene i Herøy og Haram. For fem - seks år sidan blei idéen om ei bok om kyrkjene på Sunnmøre fødd. Øystein fekk med seg broren sin, Einar Ekroll – som er prosjektleiar, og meisterfotograf Per Eide frå Ulsteinvik, som begge har late seg inspirere av kyrkjene, ornamenta og kulturskattane som kvar av desse staselege bygga ber med seg.

– Eg tende med ein gong på det Øystein fortalde meg, og insisterte på at dette stoffet fortente si ei eiga bok. For denne har nemleg mangla. Ei samla kyrkjehistorie på Sunnmøre har vore eit blankt ark, heilt til no, seier Einar Ekroll.

Skjulte skattar

– Vi har funne ting som ingen nolevande har visst om. Eg er jo ingen kyrkjemann, eigentleg, men no har eg nærast blitt frelst på dette stoffet. Det gir meg eit adrenalinkick å få vere med på oppdagingsferd med desse karane. Øystein er jo ein av landets mest anerkjende kyrkjehistorikarar, fortel fotograf Eide entusiastisk.

Kyrkjene var gjerne dei viktigaste kulturbygga i bygd og by fram til vår tid, og arbeida som blei gjort for å dekorere og gjere dei vakre, er ofte heilt unike arbeid. Eller kunstverk, men som av forståelege grunnar ikkje er til sals. Såleis byr mange av desse kyrkjene på kulturskattar som i dag er vanskeleg å verdsetje.

Rikt illustrert praktbok

Kyrkjeboka trekkjer fram fleire fellesnemnarar, slik som byggeskikk innanfor enkelte tidsperiodar, men også dei mange tinga som er forskjellig frå ei kyrkje til ei anna. Sølvty, dåpsfat, messing, rosemåling, treskjerarkunst, arkitektur, glasmåleri, orgel, kyrkjeskip, kyrkjetårn og våpenhus er døme på objekt som har blitt gjenstand for ei omfattande katalogisering av kyrkjevitar Øystein Ekroll. Og som Per Eide har kunne boltre seg i av flotte motiv. Dei mange flotte fotografia hans gjer dette til ei praktbok som truleg vil finne vegen til mange sunnmørsheimar denne jula. Boka er på  384 sider i stort format og svært rikt illustrert.

Endeleg mellom to permar.