Torill Botnen er koordinator for dagplassane ved Alvehaugen. Denne fredagen er ho instruktør for dei som ynskjer å prøve seg på denne spennande og underhaldande spelteknologien.

Energiskapande

– Dette er utruleg positivt og energiskapande for dei eldre ved heimen. Det er ein god aktivitet. Spelteknologien er primært for dei som har dagplass, men også bebuarane på heimen får prøve seg om dei vil, fortel Botnen.

Asbjørn Røyset, Reidun Hareide og Unni Osnes var av dei eldste som prøvde seg med ei runde bowling på spelmaskina.

Dei stilte seg framfor ein skjerm og skulle gjere bevegelsar for å plukke opp bowlingkula. Kula kunne dei svinge og kaste berre ved å bevege på hendene. Spelmaskina oppfatta bevegelsane gjennom ein sensor.

Asbjørn var truleg i storslag sidan han scora med ein solid “strike” (å velte alle kjeglene).

Og med seg hadde dei utfordrarar frå Ulstein folkehøgskule si diakonigruppe, som deltek i Alvehaugen sine tenester kvar fredag.

Bowlingrunda avslutta dei med flott gitarspel og allsong saman med musikaren Øyvin Sønnesyn. Han fekk også prøve seg på ei runde med bowling.

Velferdsteknologi

Spelteknologiprosjektet er ein del av eit velferdsteknologiprosjekt i Midt-Noreg. Det er eit av totalt ni prosjekt styrt av fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, og som blei starta opp i 2011.

Samarbeidande kommunar for spelteknologi er Ulstein, Vanylven og Ålesund.

Hovudmålet med dette velferdsprosjektet er at brukarane og deira pårørande skal oppleve ein trygg kvardag gjennom bruk av individuelt tilpassa velferdsteknologiske løysingar.

Prosjektet skal også bidra til auka innsikt og bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgssektoren i Noreg, gjennom formidling av resultata slik dei kjem fram gjennom strukturert evaluering.

Også USAS

Velferdsteknologiprosjektet er også målretta mot andre aktuelle grupper, som til dømes personar med psykisk utviklingshemming.

Difor er aktiviteten med spelteknologi også lagt til Ulstein Sanse- og aktivitetssenter (USAS) i Ulsteinvik.

Asbjørn Røyset scora fullt hus med ein "strike" Foto: Joar Drønnesund
Øyvin Sønnesyn prøvde seg også på ei runde med bowling. Foto: Joar Drønnesund