NRK Møre og Romsdal fortel at han ropte til seg kona, som også fekk med seg fenomenet.

Gjerde skildra lysfenomenet slik: Ein lysballl som gjekk i sakte fart og sklei lågt over himmelen. Rundt ballen var det glødande gul farge, som gjekk over i blått og raudt. Bakover var det ein liten hale. Det heile varte i fem-seks sekund.

– Eg held fast på at det må ha vore ein UFO. Ein meteoritt var det i allefall ikkje. Dei har jo ei himla fart, seier Gjerde.

Etter nokre få sekund var fenomenet borte.

Også Øystein Eide på Sjøholt fekk med seg lyset. Han sat i bilen på veg til jobb då han fekk auge på eldkula.

– Eit mektig syn og eit kolossalt fargespekter. Eg har aldri i mitt liv opplevd liknande, seier han. Det minte han om ein slags eksplosjon.

Åse Christin Flø i Molde meinte det var eit stjerneskot ho såg.

– Ei stor lysande kule kom over himmelen i stor fart frå nord mot sør,

Margot Simonnes frå Kvamsøya meinte at fenomenet var ganske lågt på himmelen i forhold til “stjernerap” og hadde heller ikkje den farta som “stjernerap” har. Det var ei spesiell hending å få med seg på morgonkvisten, seier ho.

Statsmeteorolog Håkon Melhus hellar mot at det var ein meteor.

Det er ikkje registrert noko spesielt vêrfenomen i dette området, seier han.