Maskinentreprenøren Nord-Berg AS frå Ulsteinvik har i første omgang anbodet på utarbeiding av tomta til Ulsteinhallen. Og leiinga i Nord-Berg gler seg over oppdraget dei har fått.

Følg Vikebladet på Facebook

Godt samarbeid

Dagleg leiar Hans Petter Thoresen Ulstein i Nord-Berg AS fortel at det er eit spennande prosjekt som i første omgang krev omlegging av kablar som ligg innanfor tomtegrensene.

– Det vil naturleg nok ta litt tid med omlegginga av kablane før vi kan byrje med å hente ut overskotsmassene frå tomta. Deretter får vi sjå om vi møter fjell som må borast og sprengjast vekk, fortel Thoresen Ulstein.

Nord-Berg ser positivt på arbeidet med Ulstein kommune som er oppdragsgjevar for Ulsteinhallen.

– Vi har gjennom fleire år hatt eit positivt og godt samarbeid med dei ulike prosjektleiarane i kommunen, og vi kjenner kvarandre godt. Vi gler oss over å ha fått oppdraget som mest truleg vil gå smertefritt, avsluttar Thoresen Ulstein.

Det er Ulstein Eigedomsselskap KF som er eigar og skal drifte både Ulsteinhallen og nye Høddvoll stadion. Eigedomsselskapet er tilhøyrande Ulstein kommune.

Arrangerer NM i friidrett

Men det er ikkje berre entreprenøren og kommunen som får oppleve gevinsten av Ulsteinhallen. Men primært idrettsungdom og utøvarar som får nytte seg av hallen både kommunalt og regionalt.

Allereie i 2015 er det planlagt å arrangere den omfattande Noregsmeisterskapen i friidrett i den topp moderne Ulsteinhallen, som vil koste 100 millionar kroner å byggje.

Fylkeskommunen leiger

Sjølvsagt vil ei så stor investering gje kommunen større utgifter på sikt. Til avisa Sunnmørsposten, fortel kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune at dei reknar med mellom halvannan til to millionar kroner i meirutgifter per år for kommunen.

– Vi er heldige som har inngått ein avtale med fylkeskommunen, som vil leige hallen på dagtid på vegner av Ulstein vidaregåande skule, fortel Ringstad til Sunnmørsposten.

Når Ulsteinhallen står ferdig vil den ha dekkje for ballidrettar på indre bane, ha seks løpebaner og kan nyttast til nasjonale og internasjonale meisterskap.