Signe Bjåstad måtte nærast snappe etter pusten då ho pakka ut den store sjekken frå dei tilsette ved Ekornes Hareid og oppdaga at julegåva til Hareid Frivilligsentral var på 100.000 kroner.

Ein flokk tillitsvalde frå Ekornes Hareid troppa opp på Eldretreffet på Hadartun torsdag. Hareid Frivilligsentral arrangerer Eldretreff eit par gonger i månaden, og dagleg leiar Signe Bjåstad hadde fått eit hint om at tilsette ved Ekornes Hareid ville overrekkje ei gåve.

Men at gåva skulle bli så stort, var meir enn Bjåstad hadde drøymt om.

– Mykje meir. Eg er nesten i sjokk. Eg hadde blitt glad om summen hadde hatt ein null mindre også, forsikra ho.

Fleire av deltakarane på Eldretreffet vart så rørte over gåva at tårene kom.

Tidlegare til prosjekt i utlandet

Anne Marie Smoge frå Ekornes Hareid kunne opplyse at dei tilsette i Ekornes-konsernet for tre år sidan bestemte seg for at julegåva dei har brukt å få av leiinga, heller skulle gå til eit godt føremål.

Hittil har pengane gått til prosjekt i utlandet med lokal tilknyting. Casa Emanuel har fått 900.000 kroner, Mathare-slummen i Kenya 275.000 kroner og Lola Daycare Center, Filippinene 275.000 kroner.

I år bestemte dei tilsette seg for at pengane skulle gå til gode, lokale tiltak i dei kommunane der Ekornes har fabrikkar: Hornindal, Sykkylven og Hareid.

– Og her på Hareid har vi bestemt at Hareid Frivilligsentral skal få 100.000 kroner, sa Smoge, og fekk applaus frå alle på Eldretreffet.

– Til glede for folk

– Eg er nærast himmelfallen. Frivilligsentralen har halde til på Hareid i 20 år, og eg tek gåva som eit teikn på at vi har blitt lagt merke til, kommenterte Signe Bjåstad.

Kva pengane skal brukast til, er ikkje avgjort enno. Styret må drøfta saka. Men Bjåstad er overtydd om ein ting:

– Dei kjem til å bli brukte til noko som kan glede folk.

Vel 100 personar er i dag knytt til Hareid Frivilligsentral, som blant anna driv butikken Brukt & Billig.