Då skal Rem Offshore sitt nye gassdrivne offshorefartøy Rem Leader døypast. Over 600 gjestar er venta til verftet denne dagen!

Alle tilsette med familiar er inviterte til å vere med på dåpen, og etterpå vert det servert lunsj i kantinene til alle saman. Svært mange born er påmelde, så rykta fortel at også julenissen kjem ein tur. Kleven er veldig glade for at så mange vil nytte høvet til å vise fram arbeidsplassen sin til familiane sine, og at så mange av dei som er involverte i det store teamarbeidet det er å bygge eit avansert offshorefartøy kan vere med å feire det flotte resultatet.

Gudmora er elles særs godt kjend på verftsområdet. Det er styreleiar Kjersti Kleven som har fått det ærefulle oppdraget.

Fartøy nummer 15

Kleven og Rem har hatt eit særs godt samarbeid over mange år. Rem Leader er fartøy nummer 15 frå Kleven til Rem. I tillegg til fartøyet som skal døypast no i helga, har Kleven to store konstruksjonsskip til Rem i ordreboka. Det første av desse skal leverast i juni 2013, det andre i februar 2014.

- Gassframdrift er miljøvennleg og framtidsretta, og Kleven er den leiande leverandøren av gassdrivne fartøy i Noreg, seier kommunikasjonsjef Ellen Kvalsund.

Båten er av typen VS 499 LNG PSV frå Wärtsilä Ship Design  og har ei lengde på 89,6 meter, breidde på 21 meter og eit dekksareal på 1 030 m2. Dødvekta er på om lag 6 500 tonn. 4 motorar med “dual fuel”-drift (fleksibel veksling mellom gassframdrift og dieselframdrift) gjev miljøvennleg og energieffektiv framdrift.

Fartøyet har elles lett isklasse (Ice C), utstyr for oljeoppsamling (Oil Rec NOFO 2009) og utstyr for redningsoppdrag (Standby Vessel).