I løpet av fireårsperioden frå 2008 til 2011 blei det oppretta totalt 122 personlege bedrifter i Ulstein kommune. Av desse var det 74 med menn bak roret, mens 48 av føretaka blei stifta av kvinner. Det betyr at delen kvinnelege grundere er forholdsvis høg i Ulstein kommune.

Ein av tre

Vi har sett nærmare på kjønnsfordelinga blant gründere i Noreg, og har då teke i bruk tal frå Statistisk sentralbyrå. Alt i alt er det starta opp nær 125.000 personlege bedrifter i løpet av dei fire aktuelle åra. Av desse er knapt 43.000 starta av kvinner. Det utgjer dryge 34 prosent av alle bedriftene det her er snakk om.

Kvinner i Ulstein

I Ulstein er delen på heile 39,3 prosent, og må derfor kunne seiast å vere ganske stor, sett i forhold til det som er vanleg i resten av vårt langstrakte land.

I denne statistikken er det altså berre med personleg eide verksemd, og altså ikkje noko AS. Det er i hovudsak enkelpersonføretak, men også såkalla ”ansvarleg selskap” og ”selskap med delt ansvar (DA)”.

Kvinner i Hareid

I Hareid blei det oppretta totalt 74 personleg eide bedrifter i denne fireårsperioden.  Av dei var det 18 som hadde kvinneleg sjef. Det utgjer dermed 24,3 prosent av alle personlege firma, noko som såleis er eit svakt tal.

-Ikkje så skummelt

Delen kvinnelege gründere har stige jamt og trutt dei seinare åra. Spesialrådgivar hos Innovasjon Noreg, Anne Marie Kittelsen, meiner det er mange grunnar til det.

- Den viktigaste grunnen er kanskje det at stadig fleire kvinner oppdagar at det ikkje er så skummelt som det høyrest ut som å starte for seg sjølv, og at det faktisk er ganske så gøy å jobbe for seg sjølv, seier ho.

- Det at krava til å stifte bedrift er lempa på, gjer også at det blir meir interessant for kvinner. Ikkje minst gjeld dette aksjeselskapet, kor ein har betre rammeføresetnader og velferdsordningar når ein er tilsett i eiga bedrift, legg Kittelsen til.

Tru på seg sjølv

Kittelsen trur delen kvinnelege stiftarar vil auke enda meir dei neste 10-15 åra.

- Unge jenter i dag tenkjer annleis enn kvinner gjorde før. No får ein god informasjon både på skule og universitet, og kvinnene våger i mykje større grad å tenkje risiko og å vere sjølvstendig. Det er mange som er freista til å skape sin eigen arbeidskvardag, seier ho.

Innovasjon Noreg har dei siste fem åra kåret Årets Gründerkvinne, noko dei håper er ein inspirasjonskjelde for andre kvinner.

- Å ha gode rollemodellar er veldig viktige. Dei som har blitt kåra dei seinare åra har utan tvil vore til inspirasjon for mange andre kvinner, slår Kittelsen fast.

Ulstein rangert

Det er ein del småkommunar som har relativt få etableringar, og som ikkje passar så godt inn i biletet når vi skal rangere dei største kvinnegrunder-kommunane i Noreg. Derfor har vi teke bort 37 kommunar som hadde færre enn 20 etableringar i løpet av fireårsperioden.

Då blir det Krødsherad kommune i Buskerud som står igjen som vinnar i Noreg - då det her var nær 54 prosent kvinnelege grundere blant dei 52 personlege føretaka.

Ulstein kan såleis kårast til Noregs 41. største kvinnegründer-kommune blant dei 393 kommunane på denne lista. Hareid er å finne heilt nede på 353. plass på denne lista.