Det fortel Trygg Trafikk i ei pressemelding av nyare dato. Det er 62 år sidan vi opplevde færre omkomne på vegane. I 1950 var bilkøyring øyremerkt nokre få utvalde. I dag har vi nordmenn til saman 3,6 millionar bilar som fraktar oss om lag 43 millionar kilometer i året.

– I eit slikt perspektiv er talet på ulukker for dei siste åra svært låge. Men det hjelp ikkje for dei som har mista nokon som står dei nær. Om reduksjonen skal halde fram, må arbeidet med trafikktrygginga intensiverast, fortel direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk.

Fleire mjuke trafikantar

Medan talet på omkomne bilistar og bilpassasjerar er redusert dei siste åra, ser ikkje Trygg Trafikk noko nedgang blant gåande og syklande.

I åra 2006–2011 utgjorde delen mjuke trafikantar i gjennomsnitt 15 prosent av dei omkomne på vegane. I 2012 er delen auka til om lag 20 prosent.

I 2011 omkom 12 syklistar og 16 gåande i trafikken. Dei førebelse tala for fjoråret syner at talet syklistar har stige til 13, og at ulukkene som involverer fotgjengarar har auka til 21 prosent.

– No må det satsast meir på tiltak for å redusere ulukkene blant dei mjuke trafikantane. Eit av dei mest effektive tiltaka vil vere å senke fartsgrensene i byar og tettstader til 30 kilometer i timen. Dei fleste vil overleve ein påkøyrsel i den hastigheita, men døyr om farta er høgare, informerer Sandberg.

Blant dei omkomne fotgjengarane var sju personar over 80 år, medan 13 av 21 var over 60 år.

Færre ungdommar

I åra 2007–2011 døydde gjennomsnittleg nesten 150 menneske i bil kvart år. I fjor var det tilsvarande talet 92.

I 2011 døydde 33 ungdommar i alderen 15–24 år i trafikken. I 2012 var det tilsvarande talet 30. 14 av dei som omkom som bilførarar. Sju av dei var passasjerar i bil, medan seks omkom på moped eller motorsykkel.