I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og dette blir feira med eit Språkår. Noregs Mållag markerer dette med ein nynorskstafett gjennom heile Norge. Stafetten starta i Ivar Aasen-tunet i Ørsta 28. januar.

I dag er nynorskstafetten komen til Hareid og Ulstein. Leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag var i dag tidleg til stades då Hareid ungdomsskule markerte Språkåret og  Språkstafetten. På programmet stod blant anna ein presentasjon av ei fordjupingsklasse i norsk som lærar Greta SandanerGoksøyr har. Elevar frå 10 land kom inn med plakatar og sa "velkomne til Hareid" på sitt språk.

Etter timen ved Hareid ungdomsskule reiste leiaren i Noregs Mållag vidare i stafettbussen til Støylane barnehage i Ulsteinvik, der mellom andre Arild Torvund Olsen skal stå for underhaldninga no i morgontimane.

I kveld markerer Hareid mållag Språkåret med ei samling der blant anna  Øystein Orten skal lese ei sjølvskriven novelle i høve Språkåret.