Før skuleåret 2012/13 vart det innført nye valfag i ungdomsskulen. Eit av desse var faget ”Teknologi i praksis” der målet i læreplanen mellom anna er at elevane skal verte motiverte for å vere med på utvikling av teknologiske produkt med utgangspunkt i lokale behov og problemstillingar. Viktige element i dette faget er henta frå mellom anna matematikk, naturfag, samt kunst og handverk.

Må tørre å spørje

Sveinar Kleive er lærar for 8.-klassingane og fortel at det er om lag 35 elevar på ungdomsskulen som har dette faget og at gruppa som var på vitjing hjå Rolls-Royce torsdag vanlegvis er på 17 elevar. Den andre delen av gruppa har vore involverte i eit prosjekt i samarbeid med Ulstein-gruppa.

– Det er første gong dette faget vert gjennomført i år, og sidan eg tok kontakt med Rolls-Royce for om lag eit år sidan, så har det berre vore positive tilbakemeldingar. Vi har aldri fått anna enn ja om vi har spurt om noko. Dette viser berre kor lett det kan vere å få i gang samarbeid med privat industri, så sant ein tek sjansen på å spørje, fortel Kleive.

Får sjå framtidige mogelegheiter

Skuleelevane fekk i oppgåve frå Rolls-Royce å lage automatiske vaffeljarn. Grunngjevinga for dette var at i prinsippet så er ikkje denne produksjonen så ulik delar av produksjonen til Rolls-Royce. I staden for vaflar er det plast, kompositt eller andre materialar som vert ”steikte”.

Imponert jury

Tilsette hjå Rolls-Royce var tydeleg imponerte over kva elevane hadde fått til og fleire var ivrige etter å stille spørsmål om framgangsmåtar og utvikling, medan andre nok var mest interesserte i å få ein bit av vaflane som vart steikte. Trass i nokre mindre problem med dosering av røre og heismekanismar som slitna, vart det mykje skryt å få til elevane.

Automatisk vaffeljarn i praksis. Foto: Andreas Bjerknes