Cirkus Merano er som vanleg det første sirkuset som kjem til Søre Sunnmøre. I år har dei forestilling på Mjølstadneset i Fosnavåg torsdag 11. april, medan Hareid grusbane får vitjing dagen etter - fredag 12. april.

I år lokkar Merano bl. a. med fargerike, frittflygade papegøyer og ei minidyrehage med vraltande ender, leikande hundar og ein fin kattepus. Kamelar har dei også med seg - og ein elefant.

Det er 39. året at direktør Knut Dahl reiser rundt i landet med sirkuset som han grunnla som 22-åring. Han fortel at dei er det einaste sirkuset som dekker "heile landet". I år har dei forestillingar frå Fredrikstad i sør til Kirkenes i nord.

Avisene gav 2013-forestillinga mange godord etter premieren.