På "Golden Gate" 29. april og "Treffpunkt Gullkysten" 30. april handlar det om å bygge eit sterkt Vestland, med ein arbeidsmarknad som konkurrerar med meir sentrale strøk av landet.

– Med betre vegar og redusert reisetid byggjer vi større og sterkare regionar som klarer å halde på næringslivet og arbeidskrafta, og dermed blir attraktive stader å bu og arbeide. Kystvegen er eit heilt nødvendig supplement og eit alfa og omega for den tunge industrien som ligg langs kysten, og for at industrien skal tore å satse. Med eit vitalisert næringsliv vil vi få ei samfunnsutvikling som vil vitalisere bu- og arbeidsutviklinga på vestlandskysten. Med kystvegen vil effektiv pendling innanfor regionen gjere det lettare å skaffe kvalifisert arbeidskraft, , fortel Bengt Solheim-Olsen, styreleiar Kystvegen Ålesund-Bergen i ei pressemelding.

Konkurransefaktor

Styrking av konkurransekrafta er nødvendig for å oppretthalde og motivere til nye investeringar i det regionale næringslivet. Kystvegen er ein avgjerande konkurransefaktor for næringslivet frå Ålesund til Bergen. Kystvegen er viktig både som effektiv transportåre for heile kysten, men også som ledd i å binde saman mindre regionar til større bu- og arbeidsområde. Effektivitet og tempo er avgjerande når både folk og varer skal forflyttast. Skal vi klare oss i framtida må menneska vere mobile. Kystvegen vil gje store ringverknader for miljø, næringsliv og folk langs kysten.

Treffpunkt Gullkysten

Under kystvegkonferansen Treffpunkt Gullkysten 30. april, vil mellom andre professor Victor Norman, stortingsrepresentant Svein Gjelseth og stortingsrepresentantar frå fleire parti vere tilstades og snakke om bygging av den nye landsdelen.

Dette er ein viktig konferanse for kysten, og ein unik sjanse for næringslivet til å påverke både regionale og sentrale politikarar for å sikre betra konkurransevilkår - for eit samla vestnorsk næringsliv.