Klokka 16.50 måndag ettermiddag køyrde ein tungt lasta anleggsbil av vegen på Dimnøya i Ulstein. Føraren kom frå uhellet utan å verte skadd.

– Skjøna at slaget var tapt

Då Vikebladet Vestposten kom til staden fortalte sjåføren at han kom for langt ut på vegskuldra.

– Eg kjende at eg var kome alt for langt ut på den elles smale vegskuldra då bilen byrja å drage seg mot grøfta. Eg skjøna straks at slaget var tapt. Då bilen velta kneip eg meg fast i dørhandtaket. Heldigvis hadde eg bilbelte på meg, fortel sjåføren letta.

Det var heller ingen gåande langs vegen som vart råka av uhellet.

Bergingsbil frå Stryn

Klokka 19.30 hadde Viking redningsteneste frå Stryn kome til. Også ei mindre gravemaskin vart rekvirert i redningsarbeidet.

Den fekk i oppgåve å grave ut av lastekassa slik at bilen vart lettare å drage opp frå den djupe grøfta.

Det var avgrensa ferdsle på staden medan redningsarbeidet pågjekk. Anleggsbilar måtte snu, medan dei fleste småbilane greidde å køyre forbi.

Verken politi, ambulanse eller brannvesen vart kalla inn.

Fleire strøyma til for å hjelpe. Foto: Joar Drønnesund
Viking redningsteneste frå Stryn vart rekvirert Foto: Joar Drønnesund
Ei gravemaskin fekk i oppgåve å grave ut massen i lastekassa. Foto: Joar Drønnesund